Kultur | 13. jan. 2019

Naustsjefen pensjonerer seg for andre gong

12 «fotballbanar» og 16.000 gjestar seinare takkar Bjørg av.

Naustsjefen pensjonerer seg for andre gong
Bjørg Bergstø har lagt til rette for mange kjekke lag i Oselvarnaustet dei siste ni åra. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 13. jan. 2019 20:15

Bildeserie:

September 2001: Oselvarnaustet vart reist på dugnad i åra fram mot 2005. (Foto: KVB)
September 2001: Oselvarnaustet vart reist på dugnad i åra fram mot 2005. (Foto: KVB)
Nesten ferdig, april 2002. (Foto: KVB)
Nesten ferdig, april 2002. (Foto: KVB)
1 av 2
September 2001: Oselvarnaustet vart reist på dugnad i åra fram mot 2005. (Foto: KVB)
Nesten ferdig, april 2002. (Foto: KVB)

Å pensjonera seg kan vera vanskeleg. Nokon treng meir enn eitt forsøk. No har Bjørg Bergstø planar om å få tid til å vera travel pensjonist.

I 2007 hamna ho i styret til Oselvarlaget, og sidan 2010 har ho hatt hovudansvaret med å leiga ut selskapslokala i andre høgda.

Oselvarnaustet vart bygd på dugnad for rundt 15 år sidan, og sidan 2005 har Oselvarlaget drive med utleige av selskapslokale.

– Opprinneleg var det søstera mi, Gunvor Hjelle, som saman med mannen hennar, Nils, som stod for denne drifta. Frå 2010 har eg i stor grad gjort denne jobben, sjølvsagt på dugnad, for å syta for ei jamn inntekt til Oselvarlaget.

Heilt åleine har Bjørg ikkje vore;

– Du må få med at eg har fått god hjelp frå Grethe Forstrønen, og så har jo vi John Lepsøy òg då. Er det noko, så fiksar han det! Elles har vi jo ein god dugnadsgjeng her på huset, så det har alltid vore hjelp å få, men hovudansvaret for utleige og inntekter har lege hos meg sidan 2010.

Meir enn berre å levera ut ein nøkkel

Korleis har ei vanleg veke sett ut for deg? Er det berre å levera ut nøkkel, og så klarar leigetakarane resten sjølv?

– Nei, så rett fram er det ikkje. Om vi startar med måndagen, så har det vore dagen kor eg vaskar etter helgas utleige. Så vert det litt papirarbeid og oppfølging av forbruksartiklar som vi treng ha. Med måndagen ferdig er det neste utleige som har stått på planen. Fram mot ny helg har det alltid blitt nokre turar ned att for å levera ut nøklar til dei neste gjestane, eller ta i mot potensielle leigetakarar som ønskjer å sjå på lokala. Sånn har no åra gått sidan 2010, men no er eg klar for å gje frå meg ansvaret.

Bjørg syner oss lista med oppgåver ho legg til grunn for drifta, og den tel 18 (!) punkt. Mykje handlar om å sjekka at ting er på plass og i god orden, og det er ingenting som er overlate til fantasien.

Vidare til rette hender

Bjørg er tydeleg på at det har vore kjekt å ha oppgåvene kring utleiga, men at ho no ser fram til å takka av.

– Eg har vore tydeleg på at ansvaret skulle gå vidare til dei rette hender. Dette er eg heilt sikker på at vi no har fått til med avtala vi har signert med Geir Jonassen, Trude Thunhold og Mariann Brandseth. Eg gler meg til å sjå korleis dei vil vidareutvikla dei flotte lokala Oselvarlaget sit på.

Bergstø fortel engasjert om den første viinga i lokala i fjor sommar, faste gjestar som har nytta lokalet om og om att, og den karakteristiske tjørelukta som så tydeleg seier kva for miljø du er i.

– Oselvarnaustet har med åra blitt eit lokale frå vogge til grav for osingane, seier Bergstø.

Solid dugnad

På oppfordring frå artikkelforfattaren set Bergstø seg ned å reknar litt på kva ho har helde på med dei siste 9 åra. Det ho kjem attende med, er om ikkje anna imponerande for ei dame som blir 74 år seinare i år:

• Det har vore om lag 450 utleiger mellom 2010 og 2018.

• Med eit snitt på 40 gjester har det vore 18.000 gjester i lokala.

• Med eit snitt på 35 gjester har det vore 16.000 gjester i lokala.

• 450 utleiger betyr at Bjørg - og hjelparane hennar, har vaska 74.250 kvadratmeter med golv. Eller 12 fotballbanar om du vil.

Godt jobba!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.