Næringsliv | 04. juli 2014

NDM kjøper seg opp

Norwegian Deck Machinery AS (NDM) kjøper aksjemajoriteten i samarbeidande selskap.

NDM kjøper seg opp
NDM kjøper Shalk Engineering (pressefoto)
Andris Hamrefredag 04. juli 2014 12:36

NDM, med hovudkontor i Ulvenparken, har inngått avtale om å kjøpa aksjemajoriteten i Shalk Engineering i Ulsteinvik. Nytt namn på selskapet blir NDM Ulsteinvik AS.

– Vi har lenge arbeidd tett med Shalk Engineering.

– Vi ser veldig fram til å få både deira produkter og ekspertise inn i selskapet, seier administrerande direktør i NDM, Jarle Sørstrønen.

Vil vidareutvikle

Shalk Engineering har ei rekkje produkt/patenter som NDM har ønska å få inn i si portefølje. Dei to selskapa har jobba tett saman i lang tid og oppkjøpet kjem etter ønske frå båe selskapa om å vidareutvikle produkta mot eit internasjonalt marked.

– Med vårt nettverk innan marknaden vil vi kunna utvikla både selskapet og produkta inn mot NDM sin produktportefølje på ein veldig effektiv måte.

– Produkta dei har i dag utfyller veldig godt det vi leverer i dag både til offshore fartøy og riggar, så vi ser veldig fram til å kunne integrera våre ressursar, avslutter Sørstrønen.

NDM er leverandør av vinsjar og anna relatert mekanisk utstyr til marine- og offshoremarknaden både nasjonalt og internasjonalt.

NDM har i dag av 30 tilsette og er i sterk vekst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.