Bru over Bjørnafjorden. (Ill.: Statens vegvesen)

Nederlag i kø for bru over Bjørnafjorden

Lesarinnlegg: Hordfast over Bjørnafjorden er langt frå vedteken.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Gjeldande Nasjonal Transportplan (NTP) som er eitt år gamal, er delt inn i to 6-årsbolkar. Prosjekt som er med i den første 6-års perioden (2018-23) er gjeve klarsignal for oppstart. Prosjekt som er med i den andre 6-års perioden (2024-29) ligg førebels på vent.

Til desse prosjekta er det ikkje planlagt statlege midlar før etter 2024. Hordfast er eit av mange samferdsleprosjekt som tidlegast vil få statlege midlar etter 2024. Før det vil skje, skal NTP oppdaterast og behandlast av Stortinget våren 2023. Det er nesten halvveges inn i neste stortingsperiode.

Sjølv om tilhengjarane av Hordfast over Bjørnafjorden ønskjer å få oss til å tru at prosjektet er vedteke, og dermed fånyttes å argumentera imot, er dette ikkje tilfelle.

Når NTP skal behandlast på nytt i 2023 vil det ganske sikkert vera prosjekt frå inneverande 6-årsbolk som er blitt meir komplisert og dyrare, og dermed treng meir statlege midlar enn tenkt så langt  i perioden 2024-29. I tillegg kjem det heit sikkert fram nye høgt prioriterte samferdsleprosjekt som vil konkurrera med dei som alt er kjent. Til dømes veit vi alt no at den prestisjefylte satsinga på Intercity jernbane i Oslo-området vert meir kostbar og vil ta lengre tid å realisera enn det gjeldande NTP la opp til.

Stortingsvalet i 2021 er viktig

Eit anna moment som gjer planane for neste NTP-periode usikker, er utfallet av stortingsvalet i 2021. Eit mogleg anna stortingsfleirtal vil føla seg mindre bunden av tidlegare planar enn det stortingsfleirtalet vi har hatt sidan 2013.

Men også noverande Storting må ta omsyn til endra økonomiske realitetar og oppdaterte prognosar for framtidig volum og mønster for godstrafikk og persontrafikk med buss og privatbil. Alt no veit vi at veksten i folketal og trafikk med ferjene over fjordane mellom Bergen og Stavanger har vore merkbart lågare enn det ein tenkte då planane om ei firefelts bru over Bjørnafjorden vart lansert i 2012.

Er det behov for firefelts motorveg?

Desse trafikktala er heilt avgjerande for om det er behov for ein firefelts motorveg eller ikkje. Trafikkmengda med ferjer mellom Halhjem- Sandvikvåg og Halhjem-Våge er framleis under 4.500 i døgeret.

Først når trafikken passerer 11.000 i årsdøgntrafikk (ÅDT) er det argument for å nytta ein firefelts veg.

Ved realisering av Hordfast via midtre trasé, er det nødvendig å byggja ei firefelts bru over Bjørnafjorden og knyta denne saman med Svegatjørn-Rådal med ein firefelts tunnel under halve Os. Ei tofelts bru vil bli for lite stiv etter det som til no er opplyst.

Dersom oppdaterte trafikkprognosar skulle syna at det førebels ikkje er trong for fire felt, - og kan henda aldri vil bli det – står vi i fare for å investera unødvendig mykje i Hordfast over Bjørnafjorden, når vi kan greia oss med ein to- til trefeltsveg gjennom Fusa og Tysnes.

Uansett valresultat i 2021 kjenner vi oss trygge på at stortingsfleirtalet ikkje er viljug til å løyva meir enn strengt naudsynt for å realisera ferjefri E39 mellom Bergen og Stord. Midlar spart her, vil koma til nytte ved gjennomføring av andre prioriterte samferdsleprosjekt både i Hordaland og andre delar av landet.

Nederlag i kø for bru over Bjørnafjorden

Ei firefelts bru over Bjørnafjorden har gått på ei rekkje nederlag sidan den vart presentert i 2012:

• Det vart ikkje noko av oppstart i 2018 som statsministerkandidat Erna Solberg lova under valkampen i 2013
• Hordfast vert ikkje ferdig til 2025 slik planane frå 2012 la opp til. Gjeldande NTP skisserer fullføring ein gong i planperioden 2030-35, - opp til 10 år seinare enn tidlegare tenkt
• Kostnadskalkylen på 36 milliardar kroner er fordobla sjølv etter at brua har fått mindre stål og nytt rimeligare brufeste på Røttinga
• Hordfast fekk ikkje ei krone i statlege løyvingar i første NTP-periode (2018-23), og det er på ingen måte gjeve klarsignal for realisering av føreliggjande planar
• Kommunedelplanen etter statleg plan som skulle vore handsama av Kommunaldepartementet i siste halvår av 2017, ligg i desse dagar ute til ny høyringsrunde. Regulerings- og detaljplanlegginga vil bli tilsvarande forseinka.

Som mangeårige motstandarar av bru over Bjørnafjorden, er vi meir optimistiske enn på lenge. Bru over Bjørnafjorden er og blir eit feilslått traséval for ferjefri E39.

Kampen er på ingen måte over!

Knut Børgesen og Egil H. Haugland
Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden

Fleire saker