Eigedom | 19. jan. 2009

Nedgang, men mange sal

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. jan. 2009 10:15

Bustadprisane i Noreg gjekk i snitt ned 6,2 prosent frå 3. til 4. kvartal i fjor. Frå toppnivået i 2. kvartal 2008 er nedgangen 10,4 prosent, frå 4. kvartal 2007 er nedgangen 7,5 prosent. Småhus hadde størst prisnedgang, med 7,2 prosent, medan prisane på blokkleiligheiter og einebustadar gjekk ned 6,6 og 5,7 prosent. Stor vekst Frå 1. kvartal 1992 til 1. kvartal 2008 auka prisane på einebustadar i Noreg med 216 prosent. I Danmark kan dei visa til tilsvarande auke (225%), men i Sverige gjekk prisane opp berre 136 prosent i denne perioden. No går prisane ned både i Noreg og i Danmark, men i Sverige hadde dei auke både i 2. og 3. kvartal. Selte 62 i Os I Hordaland har snittet på kvadratmeterprisen for einebustadar auka frå 11.466 kroner i 2002 til 19.893 kroner i 2007. I Os auka snittprisen i same periode frå 10.262 til 18.438 kroner. I Hordaland blei det samla sett auke i tal på omsetnadar også i fjor, medan bestenoteringa i Os frå 2007 (65 selte einebustadar) blir ståande. Talet på selte einebustadar er likevel høgt, 62 hus i Os skifta eigar i fjor. Omsetnad og pris i Hordaland Kvadratmeterpris i snitt, Hordaland: (Einebustadar, frå 2002 til 2008. Tal på omsetnadar i parantes) 2002: 11 466 kroner (926) 2003: 11 967 kroner (1099) 2004: 13 688 kroner (1053) 2005: 15 239 kroner (1356) 2006: 17 730 kroner (1166) 2007: 19 893 kroner (1064) 2008: 18 582 kroner (1427) Omsetnad og pris i Os Kvadratmeterpris i snitt, Os kommune: (Einebustadar, frå 2002 til 2008. Tal på omsetnadar i parantes) 2002: 10 262 kroner (38) 2003: 10 573 kroner (47) 2004: 11 602 kroner (39) 2005: 12 991 kroner (60) 2006: 15 031 kroner (41) 2007: 18 438 kroner (65) 2008: 17 540 kroner (62) Kjelde: ssb.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.