Lokal | 09. sep. 2011

Nedlegging av barne- og ungdomsarbeid

LESARINNLEGG, Terje Neset: Då Oseana overtok etter Fjellheim som kulturhus blei dugnadsbasert ungdomsarbeid lagt ned.

Nedlegging av barne- og ungdomsarbeid
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. sep. 2011 07:15

Sidan 2003 er der blitt sett opp 2 musikalar per år, samt eit utall av konsertar og framsyninger i Fjellheim. Dette har vore samarbeidsprosjekter med ulike skular, der det meste av arbeidet har vore drive på dugnad. Minst 100 barn og unge har kvart år vore med på desse.

Spesielt har det vore viktig å få med ungdom som ikkje er med på noko anna. Dette var mogleg, fordi det var ein lav terskel for kva ein kunne få til i Fjellheim.

Bilde fra framsyningane som har vore sett opp i Fjellheim blei flittig brukt i markedsføring av Oseana. Etter kvart som det nærma seg opning av Oseana, blei dette arbeidet fullstendig oversett og ignorert, og i dag er det lagt ned.

Rett nok kan ein leiga i Oseana, men i det daglege, trivielle barne- og ungdomsarbeidet er det lite økonomiske musklar.

Os kommune har vedtatt ein kvalitetsplan for oppvekst og skule. I den står det:
«Det er eit mål at alle barn og unge i Os skal få høve til å delta i aktivitetar der dei kan bruka seg sjølv og evnene sine, og ofte i samanheng med andre.»

Då trengs det politikare som har evne og vilje til å gje desse honnørorda innhald og det gjer du ikkje ved å gjera barne og ungdomsarbeid om til ein inntektskjelde for Oseana.

Terje Neset

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.