Lokal | 28. sep. 2010

Nedprioritert?

USF Verftet ser ut til å få støtte frå staten, noko som kan vera eit teikn på at Oseana nok ein gong blir nedprioritert. Terje Søviknes (Frp) lurer på om det ligg partipolitiske motiv bak.

Nedprioritert?
Andris Hamretirsdag 28. sep. 2010 11:43

Ifølgje BA vil regjeringa løyve 2,25 millionar kroner årleg slik at Arena USF kan handsama eit lån på 30,8 millionar, noko som tilsvarar statens del av finansieringa.

- Etter å ha søkt om midlar frå kulturdepartementet dei fire siste åra, og å ha vore prioritert som nummer éin av dei større kulturhusprosjekta i Hordaland dei tre siste åra, er det utruleg om Oseana skulle bli forbigått nok ein gong, seier ordførar og leiar i byggjekomiteen for Oseana, Terje Søviknes til Midtsiden.no.

- I så fall viser AP og den raudgrøne regjeringa nok ein gong forakt for lokaldemokratiet, legg han til.

Prioritert frå fylkeskommunen
Hordaland fylkeskommune har oppretthalde Oseana på førsteplass og presiserte ovanfor kulturdepartementet at spleiselaget for Oseana måtte fullførast før fylket kunne gå inn for eit nytt prosjekt, som USF Verftet.

- Dette blei sist framført for statssekretær Lubna Jaffery Fjell og departementet i eit møte no i haust, fortel Søviknes.

Fylkesvaraordførar Tom Chr. Nilsen (Frp), leiar av fylkeskulturutvalet Helge Andre Njaastad (Frp) og Ronny Skaar, som kom i staden for fylkeskultursjefen, deltok i møtet.

- Om det eventuelt ligg partipolitiske preferansar i ei prioritering av USF Verftet framfor Oseana kan ein berre spekulera i, men ein gjer seg jo tankar når ein veit at styreleiiar for USF er Bergen Ap si førstedame Ruth Grung, seier Søviknes.

- Eg unnar absolutt USF ei oppgradering, men av respekt for lokaldemokratiet og dei forventningane som er skapt om eit spleiselag også for Oseana burde dette prosjektet fullførast først, meiner Søviknes.

Treng 14 millionar ekstra
Formannskapet i Os kommune fekk tysdag førmiddag presentert nye kalkyler for Oseana. Dei visar eit behov for å auke budsjettet frå 196 millionar kronar til 210 millionar.

Månadsrapporten som er grunnlaget for den nye kalkyla peikar på tre grunner til meirkostnaden.

Prisstigning frå utarbeiding av forprosjekt hausten 2008, til no er på ca 4,4%. Som av totalbudsjettet skulle tilseia drygt 8,6 mill. Forventar ein 6 % fram til prosjektet er ferdig gir det ca 12 mill kr i prisstigning på prosjektet. Dessverrre gav ikkje finanskrisa den reduksjonen i byggekostnader som mange hadde forventa.

Kostnadsauka som følgje av manglar og feil frå konsulentfirma: Det er avdekka vesentlege feil ved kalkylegrunnlaget frå konsulent, mellom anna knytt til masseberekning i grunnarbeidet og mengde betong og armering i betongentreprisen. I tillegg har teikningsunderlag frå konsulent til entreprenør vore vesentleg forseinka i periodar.

Endringar i prosjektet: Byggekomiteen har i løpet av byggefasen godkjent to endringar i prosjektet som begge har resultert i auka kostnad. Dette gjeld omprosjektering og førebuing av eit kjøkken nr 2 i senteret for å kunne handtere større bankettar og liknande i framtida, samt opparbeiding av eit ekstra lagerom på i bakkant av bygget. Alternativt til dette lagerarealet var å fylle igjen arealet med fyllmassar.

Kuttar kostnadar med 9,1 millionar
Byggjekomiteen har funne innsparingar på vel 9,1 millionar knytt til reduksjon av krav til tryggleiksglas, diverse justeringer på ARK-fag, grensesnitt kunstsikring, belysning og enklare scenetekniske løysingar samt reduksjon av utomhusarbeid.

- Ei budsjettoverskridning i denne størrelsen er ikkje dramatisk om ein ser i prosent av total byggjekostnad, men det er klart at med dei utfordringane vi har i høve til finansieringa så tel kvar ei krone, avsluttar Terje Søviknes.

Ei ny finansieringsløysing for endringane i kalkylane vil bli lagt fram for formannskapet 19. oktober og kommunestyret 26. oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.