Lokal | 24. juni 2014

Nei, dette er ikkje Google Streetview

Men bilda til den nederlandske fotobilen blir nok likevel å finna på nett.

Nei, dette er ikkje Google Streetview
Denne fotobilen tar bilder av alle gatene i Os desse dagane. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 24. juni 2014 11:29

– Hadde eg fått hundre kroner kvar gong nokon spurde meg om det, så hadde eg ikkje trengt å kjøra bil, seier den engelsktalande føraren av fotobilen som i dag suser rundt i Os.

Dax Gray heiter han, og han jobbar for selskapet «CycloMedia: the specialist in large scale, systematic imaging of the environment».

– Google er konkurrenten vår, fortel Gray.

Tar bilde av heile Os

Gray reknar med å bruka to dagar i Os. Alle vegane i kommunen skal fotograferast.

– Kven er oppdragsgjevar?

– Vi sel bilda til kommunar. Vi har også avtale med Eniro.

På Gulesider.no finn du fleire gatebilde tatt av CycloMedia.

Gray er den einaste frå selskapet på fotooppdrag i Noreg for tida, og reknar med å bli verande i Skandinavia gjennom sommaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.