Lokal | 05. sep. 2013

Nei til karakterar for 10-åringar

Lesarinnlegg: SV seier ja til fleire lærarar og nei til karakterar i barneskulen!

Nei til karakterar for 10-åringar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. sep. 2013 08:42

SV seier ja til fleire lærarar og nei til karakterar i barneskulen!

Norske elevar gjer det godt i internasjonale undersøkingar, og det blir færre svake elevar når SV styrer kunnskapsdepartementet. Samstundes ønskjer SV å gjere mykje meir i skulen.

Lovfesta rett til fleire lærarar i skulen

SV vil ha fleire lærarar, fordi vi meiner det er ein skilnad på om det er 15 eller 30 elevar per lærar. Berre SV går til val på fleire lærarar i skulen.

Det fyrste skulekravet som skal leggjast på bordet i eventuelle nye regjeringsforhandlingar etter valet, er kravet om ein lovfesta lærartettleik på kvar skule. Det skal ikkje vere meir enn 15 elevar per lærar på 1.-4. trinn, og 20 elevar per lærar på 5.-10. trinn.

Lærarane, elevane og foreldra står saman med oss i denne saka. Elevorganisasjonen, Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Utdanningsforbundet vil alle ha fleire lærarar i norsk skule.

Nei til tal-karakterar for tiåringar

SV ønskjer ikkje karakterar i barneskulen. Lærarane burde heller få nytte tida på undervisning og på å gje grundige tilbakemeldingar til kvar enkelt elev. Testar og tal-karakter i skulen er med på å støyte ut elevar som ikkje er skuleteoretisk sterke og karakterar hemmar den indre motivasjonen for læring!

Høgresida vil gå andre vegen og fjerne dei 600 nye lærarstillingane i ungdomsskulen som skal hjelpe elevar på dei skulane med lavast tal på lærarar per elev. For Høgre er karakterar og testing i skulen mykje viktigare enn fleire lærarar. I den høgrestyrte Oslo-skulen er det dobbelt så mange obligatoriske testar som andre stader i landet. Mange elevar gruar seg til desse testane. «Vi har elever som har grått seg gjennom prøven i engelsk», seier ein lærar til Aftenposten.

Sei nei til fleire testar i skulen du òg. Nei til tal-karakterar for tiåringar. Og eit rungande ja til fleire lærarar. Den beste måten du gjer dette på er å sørgje for at me gjer eit godt val.

Vigdis Vestvik
Os SV

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.