Lokal | 26. aug. 2014

Nekta å betala

Politiet måtte fjerna ein person frå ein butikk og ta hand om ein gjest som ikkje ville gjera opp for seg ved ein utestad i Os.

Nekta å betala
(Arkivfoto: KVB)
Kari M. Lyssandtysdag 26. aug. 2014 09:32

I 19-tida måndag kveld blei politiet kontakta av tilsette i ein butikk i sentrum. Dei ville ha fjerna ein person inne i butikken som laga kvalme.

- Personen hadde ikkje noko ærend i butikken, men hefta dei tilsette og ville ikkje fjerna seg, fortel politioverbetjent Audun Hadler Olsen.

Politiet henta personen, køyrde han heim og gav han pålegg om å halda seg der.

Kranglete gjest

Tilsette ved ein utestad i Os sentrum ba politiet om bistand då ein av gjestane deira slo seg vrang og nekta å gjere opp for seg.

- Vi blei kontakta i 22-tida, og patruljen bad personen om å fjerna seg frå staden, seier Hadler-Olsen.

Korleis det gjekk med oppgjeret er uvisst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.