Næringsliv | 21. feb. 2018

Nektar å gje seg

– Ei blanding av optimisme og forhandlingar, seier Freyr om årsaka til at han fredag, fire dagar etter stenging, opnar fiskebutikken igjen.

Nektar å gje seg
Måndag blei Isfisk stengt. Allereie fredag er den nye butikken på beina igjen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. feb. 2018 11:54

Måndag fortalte Hlynur Freyr Vigfusson at han stenger fiskebutikken Isfisk, som han opna i slutten av oktober i fjor.

– I dag stenger vi butikken på ubestemt tid. Det er mogleg vi opnar igjen, men det blir så fall fleire veker til, sa Freyr for to dagar sidan.

Årsakene var fleire; halvert omsetnad i butikken, mannskap på fiskebåten hans som grunnstøtte, noko som førte til milliontap før jul - og ny forskrift med krav om at eigar sjølv må vera om bord for å fiska, og dermed ikkje får tid i butikken.

I dag har pipa fått ein annan låt.

– Vi opnar igjen på fredag. Eg ringte nettopp til assisterande butikksjef Gunnhild, så no er det full jubel.

Nye samarbeid og meir kortreist

På same måte som det var fleire årsaker til at han søndag kveld bestemte seg å stenga, er det no fleire årsaker til at han likevel ser moglegheiter for vidare drift av Isfisk.

Han har sjølv vore seks veker på godt fiske med eigen båt, og han har vore i forhandlingar med leverandør til butikken.

– Sjølv om familien min støttar meg uansett avgjerd, synest eg det er for tungt å stenga, eg klarer det rett og slett ikkje.

– Etter gode forhandlingar med leverandør, og samtalar med nye samarbeidspartar, trur eg det kan vera ei framtid for butikken.

Torskefisket går mot slutten i nord, og i går leverte båten hans 4,8 tonn med hyse, der berre 120 kilo var bifangst i form av torsk.

– Det er godt gjort å få ein så rein fangst av hyse, og det midt i skreifisket. Vi fiskar djupt med linene, ned på 300 favner. Det er vanskeleg, men her var det full klaff.

Når fisket i nord er over vil Freyr gå sørover med båten. Det vil ein annan kamerat òg.

– Vi ser for oss å fiska i nærområdet store delar av året framover. Då vil det bli endå meir kortreiste varer i butikken.

– Prisane på enkelte varer må nok litt opp, om butikken skal vera liv laga. Eg har halde meg litt for lågt til å vera ein spesialforretning, men håper det er marknad for denne typen butikk, slik det såg ut til å vera dei første to månadane vi var i drift.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.