Sport | 09. nov. 2011

Neset nesten i finalen

KM gutar 14: Jubelen runga gjennom skodda då Søre Neset/Nore Neset skåra, men sigeren glapp i siste sekund.

Neset nesten i finalen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. nov. 2011 13:51

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 8
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Tysdag spelte det samanslåtte smågutelaget frå Søre Neset og Nore Neset semifinale i kretsmeisterskapen. Neset vann avdelinga si i 2. divisjon 8 poeng framfor Smørås, og med ein målforskjell på 113-21 på 14 kampar.

I kvartfinalen i KM slo dei Trott 4-3 på bortebane i ein kamp dei leia heile vegen, i går hamna dei under for Baune.

Baune leia 1-0 til pause, men utover i 2. omgang pressa Neset meir og meir.

Heimelaget leia dessutan på corner og trengte derfor berre utlikning for å vera i føringa.

Og utlikninga kom. Etter fleire nesten-gjennomløp og ein god corner som blei heada rett over mål kom Mikal Brekke seg gjennom og forbi tre motstandarar før han kriga ballen inn under keeper.

Jubelen runga gjennom den tette skodda i Halhjemsmarka, men jubelen varte ikkje så lenge.

Neset hadde nokre sjansar til, men skåra ikkje fleire.

I staden kom Baune på eit fint løp på under eit halvt minutt før slutt og sette inn 2-1.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.