Lokal | 22. juli 2012
Neste helg blir betre
Melder 56 (!) mm nedbør måndag, men sol og varme utover i veka.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 22. juli 2012 09:34
Denne helga var det meldt sol, rundt 15 gradar og ein del vind. Det blei regn, knappe 15 gradar og ein del vind.
Men før du hissar deg opp bør du sjå på langtidsvarselet for Osøyro, for sjølv om veka skal starta med meir regn og vind skal det letta og bli varmare fram mot helga igjen.
Storm melder 3,3 mm nedbør måndag, sol (men litt nedbør) frå tysdag, mindre nedbør dag for dag fram til ein tørr torsdag og sol gjennom helga.
Yr trur det kjem 56 (!) mm nedbør måndag, men er eining med Storm om at det blir lite eller ingen nedbør frå torsdag og sol frå torsdag til og med laurdag.