Lokal | 12. juni 2018

Neste ledige time: 10. juli

Skal du utanlands i sommar? Dette er greit å veta om pass og nødpass.

Neste ledige time: 10. juli
Passfotoautomaten ved Os lensmannskontor. (Arkivbilde: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. juni 2018 08:52

I fjor starta fleire lensmannskontor, Os inkludert, med timebestilling for dei som skulle kjøpa nytt pass.

Det tok litt tid før folk som trengte nytt pass tok inn over seg at det kan bli kamp om plassen når det nærmar seg sommar.

I starten på april 2017 var Os lensmannskontor fullbooka 30 dagar fram, og kontoret fekk 20-30 telefonar for dagen frå folk det byrja å hasta for.

– I år har folk bestilt time tidlegare. Vi selte fleire pass i vinter og tidleg på våren enn kva vi gjorde i fjor, seier Åsta Bakke-Mjelde, leiar for sivil avdeling ved Os lensmannskontor.

Kan kjøpa i andre kommunar

Det blir lagt ut ledige timar 40 dagar fram. Neste ledige time ved Os lensmannskontor er 10. juli.

– Dei som treng pass før den tid kan reisa til for eksempel Fyllingsdalen, der dei har stor kapasitet. Fleire lensmannskontor har dessutan starta med timebestilling, så folk kan òg velja Fusa eller Norheimsund.

• Ekstern lenkje: Timebestilling for pass i Hordaland

– Er det mange frå andre kommunar som kjem til Os for å få pass?

– Vi har ikkje eksakte tal på det, men inntrykket vårt er at mange frå Fana heller kjem til Os enn å reisa til Fyllingsdalen når dei skal ha nytt pass. Og det har dei lov til.

Nye og strengare reglar for nødpass

Om du treng nytt pass på kort varsel, og ikkje har tid til å reisa ut av Os for å ordna dette, kan Os lensmannskontor framleis skaffa nødpass.

Dette kan ofte ordnast same dag, eller påfølgande dag, men du må, som når du skal ha pass til born under 3 år, ha med deg passbildeav rett type og storleik, sjå krav på politiet.no (PDF).

Men her har det kome nye og strengare reglar. Du får ikkje meir enn maksimalt 2 nødpass i løpet av 5 år.

– Gamalt, utgått pass skal vera med når du kjøper nytt pass eller nødpass. Her blir det stadig meir restriktivt. Er du ein som ofte rotar vekk passet ditt kan du òg få passnekt, at du rett og slett ikkje får nytt ordinært pass.

Du må dessutan visa reisedokumentasjon for å få nødpass, du kan ikkje kjøpa det for å få legitimasjon til for eksempel bank eller forsikring.

Bakdelen med nødpass er at det berre gjeld for éi reise, og at enkelte land, som USA, ikkje aksepterer nødpass. I periodar har ikkje land som Dubai eller Tyrkia heller akseptert dette.

Sjekk reisemålet ditt, og kva dei aksepterer, på UD sine landsider.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.