Vêret i Os | 27. nov. 2022

Neste veke blir rolegare

Det skvatt over moloane utanfor Os hamn i dag, men neste veke blir vindstille.

Neste veke blir rolegare
Moloen på Steinneset i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 27. nov. 2022 21:03

På tampen av ei tørr veke kom det regn og kraftig vind søndag.

Vinden har løya, og skal ikkje opp i same styrke på ei stund.

Det er meldt berre 3-4 m/s vind måndag og 1-3 m/s dei neste dagane.

Men det skal regna også måndag, det er meldt nedbør fram til 17-18-tida.

Tysdag og onsdag er det venta overskya, men opphaldsvêr.

Det skal halda seg tørt så langt vêrmeldinga går.

Torsdag, fredag og gjennom neste helg skal det bli sol og opphaldsvêr.

Temperaturen skal samtidig ned frå 7-8 til 1-3 varmegradar, med fare for nattefrost søndag kveld.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent (Yr og Storm side om side)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.