Nesten hallelujah
Den stasjonen som i helga selte best fekk gratiskonsert med Hallelujah-kameratane. Statoil Os låg bra an, men så gjekk dei tom for cd-ar.


Måndag kom Kurt Nilsen, Espen Lind, Alejandro Fuentes og Askil Holm sitt andre Hallelujah-album i hyllene, men Statoil-stasjonane i Noreg byrja salet allereie laurdag.
- Den som selte best får heile bandet på besøk for gratiskonsert utanfor stasjonen. Vi låg veldig bra an etter laurdag, men sundag gjekk vi tom, fortel Nils Øyvind Eidsvik.
Statoil-stasjonen på Os selte drøye 40 cd-ar. Det heldt til 8. plass blant dei 374 stasjonane. Revetal i Tønnsberg vann.
- Det var tett i toppen så vi hadde kanskje hatt ein sjanse om vi hadde bestilt inn fleire. Men eg hadde ikkje trudd at det skulle ta sånn av, vi kunne sikkert selt dobbelt så mange.
Albumet segla denne veka rett til topps på VG-lista.
Vil du oppleva Hallelujah-kameratane i sommar treng du likevel ikkje reisa langt, 9. juli er gjengen på plass på Tysnesfest. ORBO & The Longshots står for oppvarminga.