Nesten for Nore Neset
Nore Neset leia det lokale toppoppgjeret 0-2, men serieleiar Søfteland redda poeng på heimebane.
Bildeserie:
Sundag ettermiddag tok serieleiar Søfteland imot Nore Neset til 7. divisjonsderby. Nore Neset overtok 2. plassen på tabellen etter Njardar/Tysnes i førre runde, norenesingane er suverene på målforskjell med 40 mål på 10 kampar.
Også i dag såg det ut til å bli målrikt, ein halvtime ut i kampen skåra gjestane to mål på tre minutt. Men Søfteland reduserte tre minutt før pause og utlikna i 2. omgang.
Søfteland - Nore Neset: 2-2 (1-2)
Målskårarar, Nore Neset: Alexander Thuen og Per Olav Sørstrønen
Målskårarar, Søfteland: Remy Søfteland og Eirik Skåtøy
På vesle Stilvoll blei det ein kamp fullstappa av tøffe duellar og ein liten serie gule kort. Dommaren ville visa ut ein Nore Neset-spelar i 1. omgang, men det viste seg at gjestane hadde to spelarar med same draktnummer, dermed fekk begge lag fullføra med 11 mann.
Nore Neset hadde dei største sjansane i første omgang og leia fortent til pause.
- I 2. omgang var det Søfteland som skapte dei farlegaste situasjonane. Det var surt å gje frå seg leiinga, men Søfteland er det beste laget vi har møtt i år og det var nok greit at vi delte poenga i dag, seier Nore Neset-trenar Kenneth Svenningsen.
SJÅ TABELL
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.