Os Turn Fotball stiller med 9 lag i Norway Cup, to G19, tre G16, gutar 14 i 11-ar og 7-ar, jenter 14 og jenter 16.
Søndag var første kampdag og ingen av laga tapte. Måndag blei det både tap og store sigrar til laga frå Os.
– Vi ville revansjera 2-2 frå søndag, seier Bjørn Mjelva på vegne av Os 1 G19 sin 8-1-siger over Asker 2 måndag.
Os leia 2-0 over Mjøndalen etter skåringar av Isak Røen og Adrian Valle, men enda med poengdeling mot Mjøndalen.
Valle sette inn 2 mål på éin omgang dagen etter, der også Philip Moe Haugland sette inn to. Dei andre måla blei skåra av Bjarte Halhjem, Emil Halver, Isak Røen og Lars Erik Lunde på eit fantastisk frispark.
Juniorane speler siste kamp mot eit lag som tapte 9-0 for Asker 2, Tolga.
Os 2 G19 er i ei grupe med berre tre lag og vann den einaste kampen dei har spelt 4-1.
Storsiger til gutelaget
– Vi har ein stor og jamn stall og i dag blei det voldsomt med mål, seier Odd Jarle Hjelle.
Han trener Os 1, eitt av dei tre gutelaga Os TF stiller med i turneringa. Etter 5-1-siger første dag vann dei måndag heile 12-0 over Rennebu, og ser ut til å få lite motstand også i siste innleiande runde.
Os 2 har spelt 2-2 og 1-1, og ser ikkje ut til å møta større motstand tysdag.
Os 3 vann første 1-0, tapte andre 0-2 og ser ut til å få litt sterkare motstand i dag.
Sjansesløseri av jentene
Os J14 spelte 0-0 søndag og tapte 0-5 måndag, men kan ta seg til A-sluttspel om dei slår Lillestrøm i dag.
Jenter 16 skulle møtt Cop Colombia, men dei stilte ikkje likevel, så første kamp blei måndag.
Os J16 styrte heile kampen, men både innlegg og skot hamna stort sett cirka ein meter utanfor.
Etter pause kom det fort eit innlegg som blei til skot der keeper gav retur. Mathea Normann sette inn 1-0. Etter nokre brente sjansar til kom eit skot som gjekk i stolpen og inn. I alle fall langt nok inn til at dommar godkjente 2-0-skåringa til Guro Veglo.
To avgjerande i siste liten
Gutar 14 vann 5-0 søndag, men låg under til rett før slutt i kampen mot Ull/Kisa måndag.
Men med eit straffespark blei det utlikning og i løpet av få sekund klarte osingane å setja inn 2-1 før dommaren blåste av kampen.
Tysdag går kampen om å bli puljevinnar mot Vard Haugesund, som også har fine resultat til no.
Os G14 stiller også med eit 7-arlag og Os 2 har vunne 3-2 og 6-1 i dei to første kampane.