F.v.: Jonas Kvam, Nora B. Nøss, Henrik Berge og Sebastian Plätzer er fire av talenta frå Os som er tatt ut på kvar sine kretslag. (Foto: Ørjan Håland/Kjetil Vasby Bruarøy)

Ti spelarar frå Os på krets- og skyggelag

Denne veka er det tatt ut tropp til kretslag for 13, 14 og 15 år gamle talent i Hordaland.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Den siste veka har Hordaland fotballkrets lagt ut tropp etter tropp med kretslag for fotballtalent frå 13 til 15 år.

Kvar tropp tel drygt 20 spelarar, og i dei fleste årsklassane er klubbar i Os representerte.

Desse spelarane er tatt ut til NFF Landslagsskole/kretslag den komande sesongoppkøyringa:

JENTER:
Linnea Sælen
frå Søfteland il (2006/13 år)
Nora Blindheim Nøss, Os (fødd i 2005, men tatt ut på 2004-laget)
Anna Rød frå Os Fotball (2004/15 år)
Karoline Louise Hevrøy frå Os Fotball (2004/15 år) 

• Les òg: Tre jenter frå Os tatt ut på kretslaget (Nora, Anna og Karoline i 2017)

GUTAR:
Henrik Berge
frå Os Fotball (2006/13 år)
Sebastian Plätzer frå Os Fotball og Jonas Kvam frå Lysekloster (2005/14 år)

Med plass til fleire

– Til dei som ikkje kom med no, det er lov å vera skuffa. Stå ekstra hardt på, tren godt og vis gode haldningar, som kjem gjerne sjansen etterkvart, skriv NFF Hordaland i samband med uttaka.

Det er dessutan tatt ut skyggekretslag på gutar 2006 og 2005.

Her er Benjamin Engevik (Os) og Magnus Spangelo Haga (Nore Neset) tatt ut i 2006-troppen, og Martin Hunnes (Os) på laget for gutar fødd i 2005.

Sjå heile troppane på fotball.no, jenter 2006 og 2004, gutar 2006 og 2005 og skyggelag for gutar 2006 og 2005.

Fleire saker