Nils stal showet
Sjå bildeserie: Torsdag var det nattope på Amfi Os, og mykje aktivitet på scenen.


Åsmund Eide, som arrangerer "scenen er din" i heile Sør-Noreg, var på plass.
- Vanlegvis har eg konkurransen med to til tre innleiande rundar før finale, så det blei ei komprimert utgåve. Men det fungerte fint, bortsett frå at det ikkje blei plass til alle som ville vera med, seier Åsmund til midtsiden.no.
11 innslag med til saman rundt 30 ungar og ungdomar blei nok til å underhalda utover kvelden. Publikum sine stemmer var saman med juryen med på å finna vinnaren.
- Nils song klokkereint og vann fortent med si flotte framføring av The BlackSheeps "Oro jaska beana", seier arrangøren.
1. premien var diplom og eit gåvekort på 1000 kroner hos Amfi Os.
Trykk på lenkja under for å sjå fleire bilde frå det som skjedde på scenen på senteret torsdag kveld.