Kultur | 17. des. 2011

Nissen kom i kyrkja

VIDEO: Kuventræ skule fletta Jesus og St Nicholas fint saman i juleavslutninga i Os kyrkje.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. des. 2011 08:02

Fredag var det Kuventræ skule sin tur å ha felles juleavslutning før skuleferien, og tradisjon tru sto 6. klassingane for underhaldinga i kyrkja.

I år viste elevane med song, musikk og teater Jesus sin fødsel og Nicholas frå Patara, St Nicholas, seinare kalla Santa Claus og julenissen, sine første leveår.

Om St Nicholas på Wikipedia

Heilage Nicholas var religiøs frå ung alder, son av den rikaste mannen i den greske byen han vaks opp i og raus med dei fattige. Som unge pakka han inn mat og sine eigne klede og la ut i gatene då det var mørkt.

Som vaksen blei Nicholas biskop, og han var framleis flink til å gje gåver til dei fattige. Dette fekk elevane fint fram med ein serie varierte og fine innslag.

VIDEO (09:42): Sjå film frå framsyningas. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.