Sport | 12. mai 2010

NM 1. runde: Fyllingen-Os

Cupkampen mellom Fyllingen og Os gjekk til straffekonkurranse.

NM 1. runde: Fyllingen-Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. mai 2010 16:47

Os spelte første NM-runde i kveld, mot Fyllingen på Varden.

Fyllingen vann 4-2 på straffekonkurranse etter 0-0 etter to ekstraomgangar.

Det sto 0-0 etter full tid. Heller ikkje i ekstraomgangane blei det skåringar. Kampen blei avgjort på straffekonkurranse.

Christer Olsen, Stian Lunde, Torkel Hjertnes og Remi Osebakken tok straffe for Os. Stian og Torkel bomma medan Fyllingen skåra på alle sine fire første. (Retta versjon).

Fyllingen - Os 4-2

Best i kvar sin omgang
Os-trenar Frank Hellevik er ikkje overraska over at kampen gjekk til ekstraomgangar.

- Vi er to lag som kjenner lvarandre godt, og det blei som venta ein jamn kamp. Fyllingen var best i første omgang, vi var klart best i andre.

Stang-ut
Hellevik er nøgd med dagens defensive prestasjon av eige lag, men seier Os gjer for mange feile val i gode posisjonar i angrep.

- Då vi i tillegg ikkje skåra då Stian var åleine på bakerste stolpe i sluttminutta, på ope mål, bar det vidare til ekstraomgangar og straffe - som er rein bingo. Det har vore litt stang-ut med oss i det siste.

Os sitt lag (4-3-3):Halvard Enes, Daniel Kalstad, Dani A. Bergstø, Per S. Merai, Baste Jonassen (Remi Osebakken 36.), Stian Lunde, Frode Buvik (Christian Almeland 45.), Tore Valvik, Torkel Hjertnes, Tim Henrik Sperrevik (Christer Olsen 89.) og Erik Kanestrøm.

Os speler neste seriekamp på bortebane mot Fana laurdag 15. mai kl 16.00.





Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.