NM-gull til suverene Sverre!
Vann 3 av 4 distansar: Lunde Pedersen runda av med stålkontroll på 10.000 meter og tok sitt første NM-gull i allround.
Dei siste fire åra har Sverre Lunde Pedersen slite i samanlagt NM, anten med sjukdom eller då han blei diskvalifisert på 500 meter.
Sølv i 2012 var beste resultat før han rundt klokka 16.10 i dag cruisa i mål etter ein 10.000 meter der han hadde stålkontroll.
– Taktikken hans var å gå kontrollert 15 rundar før han auka på og prøvde å gå fort dei siste 8-9 rundane, fortel pappa og tidleare landslagstrenar Jarle Pedersen til Midtsiden.
Osingen og Fana-løparen Sverre gjekk i mål på 13.23,78, Håvard på 13.36,79.
Jarle er på plass i Stavanger og såg sonen gå rundar på rundt 32 før han auka på og gjekk fortare og fortare ned til 29,5 på sisterunden.
Sverre vann også 1500 meter i formiddag og hadde 40 sekund å gå på ned til Håvard Bøkko.
Allerie laurdag tok han leiinga, etter å ha sett «europa-pers» på 500 meter tok han 2. plass, men så sette han banerekord på 5000 meter.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.