midtsiden

NM-klare sportsfiskarar

I fjor fiska han håkjerring på 233 kilo med stang (sjå bilde). No deltar Torry Brakstad i lag-NM med to osingar.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det blir arrangert NM i fiske i ulike klassar, ferskvatn og saltvatn, individuelt og for lag. I tillegg er det NM i microfiske og rovfisk.

- Konkurransen pågår heile året. Alle artar tel, seier Truls Marceliussen.

Marceliussen, som også driv Bjørnefjorden Sea Adventure, skal i dag ut med rib-en sin saman med Frode Øijordsbakken og bergensaren Torry Brakstad. Brakstad deltok individuelt i NM i fjor, men i år deltar han på lag med dei to osingane i Team Bjørnefjorden.

Tok håkjerring på 233 kilo!
Brakstad gjorde det skarpt i NM i fjor. Med sportsfiskeutstyr er det om å gjera å fiska så stor fisk som mogleg. Er du på topp 10-lista innan ein art så får du poeng.

- Dei held på å oppsummera fjoråret no. Det ser ut som om eg endar på 2. plass, fortel Torry.

Torsken på 9,5 kg var godt nok til 9. plass innan arten, steinbiten på 3,2 kg heldt til 7. plass. Men han tok den nest største spisskata (8,1 kg), den største hvittingen (2,1 kg) og var den einaste som fekk håkjerring på kroken.

- Det var i Trondheimsfjorden eg drog opp den største fisken. Vi tok ikkje livet av den, men målte lengd og omkrins og brukte ein formel for å rekna ut at den truleg var 233 kg. Eg ville ikkje ta livet av den. Det som ikkje er matfisk slepp vi ut igjen.

På jakt etter blålange
Tysdag formiddag reiste dei tre NM-deltakarane ut frå Os, til Samnangerfjorden for å fiska blålange.

- Det blir ein del målretta fisking. Vi kjem til å fiska i Bjørnefjorden, Nordhordland, Øygarden og i Sogn. Om nokon har tips til kvar det er spesielle artar set vi pris på om dei vil dela det med oss, seier Truls optimistisk.

Dei nølar litt før dei røper målet med fiskeåret 2010 og NM-deltakinga, men innrømmer at dei håpar på topp 3-plassering.

Sjå òg: storfisker.no, der fangstane blir registrerte.
(Velg "Konkurranse 09" i venstre marg, og "lister" under "NM i saltvann" for å sjå lister og bilde av fangstane frå i fjor. Seinare kjem eigen kategori på "Konkurranse 2010")

Fleire saker