NM: Sist dei møttest blei det skåra 15 mål
No er det klart kven som blir Os sin motstandar i første kvalifiseringskamp til NM.
Første kvalifiseringsrunde til årets NM skal spelast før 21. mars.
Onsdag 15. januar la NFF ut oppsettet for alle som må kvalifisera seg.
Os speler borte mot Tertnes.
Tertnes kom på 4. plass i Os 2 si naboavdeling i 4. divisjon, den same avdelinga som dei tidlegare Os-spelarane Kjetil Hansen og Christoffer Hafsås med Bjarg rykte opp frå.
Straffedrama i 2015
Sist Os og Tertnes møttest var i siste av to NM-kvalifiseringsrundar i 2015. Då sto det 0-1 til pause, 3-3 etter full tid og likt etter ekstraomgangar.
Børge Borgen skåra det avgjerande målet - sjå video av alle skåringane her.
Os gjekk vidare og fekk Brann på heimebane i første ordinære NM-runde.
I fjor trekte Odda seg frå første kvalifiseringsrunde, i andre runde tapte Os borte for Fana. Lysekloster var direktekvalifisert, men tapte første runde heime mot Sotra.
Andre kampar - andre runde
Desse laga i Hordaland er allereie kvalifiserte til 1. NM-runde 2020:
Brann
Nest-Sotra
Åsane
Sotra
Lysekloster
Fyllingsdalen
Fana
Her er dei andre lokale kampane i første kvalifiseringsrunde:
NHH – Trott
Smørås – Sund
Djerv – Varegg
Sandviken – Lyngbø
Gneist – Frøya
Arna-Bjørnar – Bjarg
Osterøy – Loddefjord
Bergen Nord – Studentspretten
Vinnarane skal spela 2. kvalifiseringsrunde innan 4. april - oppsettet kjem 23. mars.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.