Lokal | 22. apr. 2010

No blir det kontroll!

Statens vegvesen vil hjelpa ungdom å setja grenser. Frå helga av blir det kontrollar av fart og beltebruk.

No blir det kontroll!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. apr. 2010 20:42

Statens vegvesen er i gong med kampanjen «Sei ifrå» i Region vest. Frå helga vil det bli kontrollar av fart og bilbelte i tillegg til informasjon på stadar og tider der ungdom ferdast fleire i bil.

Kampanjen har som mål å redusere talet på skadde og omkomne ungdommar i bil, og blir gjennomført i samarbeid med politiet.

Forsking viser at «Sei ifrå»-kampanjen har hatt god effekt i målgruppa, som er ungdom mellom 16 og 24 år. Filosofien bygger på at ungdom skjøner farane ved risikofylt køyring.

- Dei fleste ungdomar er fornuftige, og med litt støtte frå Statens vegvesen og politiet så klarer ungdomen å setje grenser for kva dei ønskjer å vera med på eller ikkje, seier prosjektleiar for kampanjen Thorbjørn Thiem.

Han legg til at ungdom har størst påverknad på ungdom sjølve.

Heilt fram til 18. mai skal Statens vegvesen vera synlege på vegen gjennom kontrollar og informasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.