Lokal | 12. juli 2017

No blir Osøyro trådlaus

Gjestar i Os sentrum kan om ikkje lenge surfa gratis på nettet. I desse dagar blir fem sendarar monterte.

No blir Osøyro trådlaus
Montørar frå Os Elektro set i desse dagane opp sendar/mottakar for trådlaus WIFI i sentrum (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 12. juli 2017 11:05

Os sentrum skal bli trådlaus. Os Elektro er i desse dagar i ferd med å montera sendar/mottaker for oppkobling til gratis internett på rådhuset (ut mot parkeringsplassen, mot torget og mot Midtpunkt), Bjørnegården og Smiegården.

– Det blir veldig god dekning i heile sentrum, men det kan vera nokre krinkelkrokar kor signala ikkje når heilt fram. Også utover mot hamna skal få dekning, fortel næringssjef og styreleiar i Os sentrumsforening Daniel Skotheim.

Til å finna den beste løysinga innan budsjettet har Atea hjelp til med å berekna dekning og kor sendarane burde plasserast.

– Vi ønskjer jo å gje tilbodet til flest mogleg av dei som oppheld seg i sentrum.

Lagar eiga landingsside

Skotheim fortel at dei har inngått eit samarbeid med gründerverksemda Simp for levering av den tekniske når folk loggar seg på nettet.

– Det er gründerar med eit spennande prosjekt som vil hjelpe oss å ta i mot brukarane på ein god måte, slik at vi får dei inn på den startsida vi set opp. Der vil dei finna aktuelle tilbod og nyttig informasjon frå verksemdene på Osøyro.

Snart oppe og går

Det er den fysiske installasjonen Os Elektro held på med.

– I utgangspunktet skulle nettet har vore oppe og gå allereie, så eg håper det ikkje er for lang tid til vi har det på plass.

– Namnet på nettverket har vi ikkje satt enno, men eg tenkjer det må vera noko som ikkje er for komplisert og som er enkelt å forholde seg til, avsluttar Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.