Sport | 08. apr. 2012

No byrjar alvoret

Os startar sesongen med NM-kvalik måndag. Her er troppen – og dato for seriestart for alle seniorlaga i bygda.

No byrjar alvoret
Christer Olsen i skotet. Lagkameratar og trenarapparat i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. apr. 2012 20:22

Måndag 9. april er årets første teljande kamp for A-laget til Os. Då møter dei 4. divisjonslaget Smørås på bortebane (kl 16.00) til første av to kvalifiseringskampar i NM.

– Målet er naturlegvis å kvalifisera seg til NM og draumen er å koma så langt at vi får eit eliteserielag til Kuventræ. Helst Brann, seier Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.

– Og der er vi i Os i ein unik posisjon. Medan andre drar 800-900 publikummarar til sånne kampar har vi vist at vi kan få 3000 til å koma å sjå fotballkamp på Kuventræ, om motstandaren er spennande nok.

Tim var sjølv den store stjerna då Os tok imot Vålerenga i NM i 2004. Den gong 28 år gamle Sperrevik starta kampen med å dribla Kjetil Rekdal bokstavleg talt på ræv før han sette inn 1-0 til Os. Roar Hjelle skåra også i det som var nær på å bli ei cupbombe, men som Enga drog i land til 2-3-siger.

– Det som blir viktig i morgon er å ikkje ta lett på oppgåva. Det er berre dei åtte beste 4. divisjonslaga som får vera med i NM-kvalik og Smørås tar nok ikkje lett på oppgåva.

Fire må stå over

Martin Eidsvik og Håvard Grøteide er sjuk, Egil Thuen og Mounir er skadd før morgondagens kamp.

Sperrevik har blant anna med Ørjan Håland og Anders Kinden, som kom tilbake til Os frå Søre Neset i vinter. Også Mats Lepsøe, som var ute med skade i 2011, er med til Slåtthaug måndag.

Sperrevik tar med seg følgjande tropp til kampen mot Smørås: Anders Kloven, Frode Moberg Øvreda, Torkel Hjertnes, Mats Lepsøe, Per Søgnen Merai, Stian Lunde, Vegard Engelsen Moberg, Tor Erik Kjosås Berge, Simen Lassen, Fredrik Heggland, Tore Valvik, Ørjan Håland, Erik Kanestrøm, Preben Borgen, Håkon Kvittingen, Ramo Racic, Christer Olsen og Anders Kinden.

Snart seriestart

Forsmaken på NM startar måndag, og det er heller ikkje lenge til seriestart for Os.

Os startar serien på heimebane med kamp mot Bjarg laurdag 14. april klokka 16. Sjå kampoppsett.

Fleire andre lag i Os har også snart seriestart:

4. divisjon - Lysekloster: Første kamp borte mot Lyngbø 14.4 kl 14.00, første heimekamp 21.5 kl 15.00 mot Loddefjord.

5. divisjon - Os 2: Borte mot Halsnøy 15.5, heime mot Fusa 22.4 kl 16.

5. divisjon - Søre Neset: Heime mot Olsvik måndag 16.4 kl 19.30.

6. divisjon - Nore Neset: Borte mot Morvik 14.4, heime mot Mann 21.4 kl 13.00.

6. divisjon - Søfteland: Heime mot Samnanger laurdag 14.4 kl 15.00.

6. divisjon - Lysekloster 2: Borte mot Libido 15.4, heime mot Morvik 22.2 kl 18.00.

Veteran, 1. div - Os Oldboys: Borte mot Loddefjord 1 15.4, heime mot Nordnes søndag 22.4 kl 20.00.

Damer 4 div - Os: Borte mot Krabbetor 22.4, heime mot Bønes søndag 29.4 kl 18.00.

Damer 4. div - Søre Neset: Heime mot Olsvik/Kjøkkelvik søndag 22.4 kl 16.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.