No er den formelle invitasjonen om å vitja skulptursymposiet sendt til dronninga. Her frå då Arne Mæland vitja slottet tidlegare i vår (foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix service)

No er invitasjonen sendt

Os kommune og Os kulturutvikling har invitert Dronning Sonja til skulptursymposiet i 2019.

Av: Andris Hamre

Arne Mæland blei i februar overraska med Kongens fortenestemedalje. Då han seinare var i formannskapet for å orientere om det komande skulptursymposiet avslørte han at dei hadde lyst til å invitere dronning Sonja til jubileumssymposiet i 2019. Det er nemleg 20 år siden det første internasjonale skulptursymposiet blei arrangert.

– Du kan jo gjera det når du skal over og takke for fortenestemedalja, foreslo ordførar Marie Bruarøy då.

Og Mæland fekk sjansen. Då han gjesta slottet, saman med andre medaljemottakarar 26. april fekk han sitta saman med dronninga under lunsjen og nytta høvet til å muntleg invitere ho. 

– Då vi gjekk frå slottet sa dronninga «Kanskje vi sees», fortalde Arne Mæland etter vitjinga på slottet.

Foreslår tre datoar

No er den formelle invitasjonen til dronninga sendt frå Os kommune og Os kulturutvikling. I den skisserer dei tre alternativ dei trur kan bli fine stunder.

  • Symposiets avslutting 6. juli 2019.
    – Dette er festdagen - stemninga og spenninga står i taket. Kunstnarar, kjøparar og osingar trekkjer om kven som får velje skulpturar først. Dette er den mest formelle biten av symposiet. Det heile blir avslutta med eit måltid og sosialt samvær tidleg på kvelden, heiter det i invitasjonen.
  • Utstillingsopninga av verka kunstnarane har med seg i Vognhallen, torsdag 27. juni.
    – Då er symposiet godt i gang, og kunstnarane har fått jobba på skulpturane sine i nokre dagar.
  • Kulturelt samvær og konsert laurdag 29. juni, kor kunstnarar, frivillige, vertskap og osingar er til stades.

– Vi håpar Kongehuset og Hennar Majestet Dronninga vil vurdera eit besøk til Os neste sommar. Vi lovar at kunstnarane, marmorstøvet som heng over Os, produksjonen av vakre skulpturar og eit varmt fellesskap vil gjera dette til ei unik oppleving, avsluttar Georg Jørgensen, Lisbeth Lunde Axelsen og Marie Bruarøy invitasjonen med.

Fleire saker