Sport | 14. nov. 2010

- No er vi gode!

Os hadde full kontroll borte mot Sotra i dag. Laurdag blir det toppkamp på heimebane.

- No er vi gode!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 14. nov. 2010 18:07

Handballdamene til Os held fram det gode arbeidet etter 27-15-sigeren over Kjøkkelvik i førre runde. Sundag tok dei ein endå større siger over Sotra på bortebane.

- Vi var stødig gjennom heile kampen, seier trenar Kenneth Husebø.

Sotra - Os: 12-28 (6-15)

- Forsvaret var av ei anna verd, i tillegg blei det gjort bra keeperarbeid. Vi sleppte berre inn seks mål i kvar omgang og jobba disiplinert i angrep frå start til slutt.

Toppkamp mot Fana i Oshallen
Fredag tapte Viking borte 36-34 for Fyllingen, noko som er gunstig for Os. Fana, som leiar serien, slo i dag Stord 27-21 borte, og er framleis to poeng framfor tabelltoar Os etter 8 rundar.

SJÅ TABELL

Fana er også Os sin neste motstandar, førstkomande laurdag klokka 16 blir det toppoppgjer i Oshallen. Også herrelaget til Os har heimekamp laurdag, dei møter Lyngbø klokka 17.30.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.