Lokal | 16. des. 2018

– No får den plassen den fortener

I 1992 fekk Os kommune ei plasskrevjande gåve. No skal ho stillast ut på nytt.

– No får den plassen den fortener
No kan du snart få sjå Os kommune sin eigen oselvar utstilt - i Oseana. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 16. des. 2018 19:10

Bildeserie:

Det siste året er har båten budd hos desse flotte folka i Oselvarnaustet. (Foto: KOG)
Det siste året er har båten budd hos desse flotte folka i Oselvarnaustet. (Foto: KOG)
Her kan du lesa om kvifor Os kommune fekk båten i 1992.  (Foto: KOG)
Her kan du lesa om kvifor Os kommune fekk båten i 1992. (Foto: KOG)
Snart klar for nytt liv i Oseana.  (Foto: KOG)
Snart klar for nytt liv i Oseana. (Foto: KOG)
Eige ausekar laga nokon til båten i 1993.  (Foto: KOG)
Eige ausekar laga nokon til båten i 1993. (Foto: KOG)
Ein båt bygd i same naustet heng no i Bergen. (Foto: Kjell Magnus Økland)
Ein båt bygd i same naustet heng no i Bergen. (Foto: Kjell Magnus Økland)
Eit spesielt stykke Os-historie vert no tilgjengeleg for fleire.  (Foto: KOG)
Eit spesielt stykke Os-historie vert no tilgjengeleg for fleire. (Foto: KOG)
Båten skal henga over inngangspartiet i Oseana.  (Foto: KOG)
Båten skal henga over inngangspartiet i Oseana. (Foto: KOG)
Og vert godt synleg frå utsida gjennom vindauga.  (Foto: KOG)
Og vert godt synleg frå utsida gjennom vindauga. (Foto: KOG)
Direktør ved Oseana, Ole Tobias Lindeberg og Geir Jonassen gler seg til å kunne syna fram oselvaren om ikkje så lenge.  (Foto: KOG)
Direktør ved Oseana, Ole Tobias Lindeberg og Geir Jonassen gler seg til å kunne syna fram oselvaren om ikkje så lenge. (Foto: KOG)
Ikkje lange vegen til ny heim.  (Foto: KOG)
Ikkje lange vegen til ny heim. (Foto: KOG)
1 av 10

Gåva, ein oselvar med segl, bygd hjå båtbyggar Alfred Søvik i 1974, vart gjeven som gåve til Os kommune frå ekteparet Jorunn og Bernt Sørstrønen.

Med båten følgde det ei avtale som la klare føringar for gåva. Avtala vart den gongen signert av dåverande ordførar, Ole Haakon Lunde.

I avtala står det at båten skal koma innbyggarane i kommune til gode, og skal stillast ut i det nye rådhuset som den gongen var under bygging.

På land - eller på sjø?

Båten stod faktisk ei stund på utstilling i rådhuset. Den har òg vore utstilt i Oselvarverkstaden.

Dei siste åra har den stått på eit kommunalt lager i Hegglandsdalen.

Då lageret i Hegglandsdalen skulle tømmast tidlegare i år, vart båten si plassering på ny aktuell. Kultureininga i Os kommune byrja å sjå på moglegheiter for å få båten fram i lyset att - og ikkje vidare til eit nytt lager.

Det vart oppretta kontakt mellom kultureininga, Oselvarverkstaden og miljøet i Oselvarnaustet, og ein byrja å sjå på moglegheiter for båten. Familien til ekteparet Sørstrønen vart òg involvert i prosessen. Dette såg ein som naudsynt då eit av alternativa var å gje båten ei ny rolle - på sjøen.

Dei to alternativa vart utgreidd parallelt, og Geir Jonassen, som representerer etterkomarane til gjevarane hadde jamnleg kontakt med resten av familen.

– Vi var korkje for- eller i mot dei to to alternativa, men glade for at det vart jobba med å gje båten, som betydde så mykje for Jorunn og Bernt eit nytt kapittel. Som det står skrive i gåvebrevet; dei brydde seg om både båten og bygda! Om båten vert ein bruksbåt som kan nyttast av osingane, eller om den vert utstilt ein stad mange ferdast, var det same for oss.

Oseana har plass - i taket

Det vart raskt avklart at det ikkje er plass til eit utstillingsobjekt av denne storleiken i rådhuset. Neste kommunale bygg med mykje trafikk var då Oseana, fortel Jonassen.

Oseana har jo mykje plass, men dei har stor aktivitet i huset, og dei nyttar heile huset til ulike aktivitetar og arrangement til ei kvar tid. Ein oselvar som stod i fare for å måtte flyttast på, var med andre ord ikkje ideelt for dei.

Det var då kloke hovude løfta blikket, og fann rikeleg med plass over inngangspartiet.

– Mange har nok sett flya som heng i taket på Flesland, så kvifor ikkje gjera noko liknande i Oseana, fortel Jonassen. Båten vert synleg frå utsida gjennom dei karakteristiske vindauga til Oseana, og frå innsida vert den eit flott syn med fjorden som bakgrunn.

Jonassen fortel at Oseana var heilt med på ideen, men som med alt her i verda, handla det etterkvart om korleis finansiera «løftet»?

– Vi fekk utgreidd ei kalkyle som fortalde oss kostandane for eit opphengssystem som var innafor sikringskrav. Samstundes gjorde denne løysinga det mogleg å enkelt ta ned båten for reinhald i ny og ne. Lyssetjing av båten var òg rekna inn - den må jo sjå bra ut!

No er alt klart

Egil Rundhovde i Oselvarlaget fortel at no er det meste klart til montering;

– Per Rød hos oss har nyleg vore i Grieg-gården i Bergen sentrum. Der såg han på ein Oselvar som heng oppunder taket for å sjå på korleis opphenget vart løyst. Vi har òg knytta til oss eit firma som skal stå for wire-løysingane.

– Frå vår side har vi førebudd båten for transport og oppheng når den tid kjem.

Rundhovde fortel at det ikkje er sete noko dato for kor dette skjer, men det bør nok ikkje ta lange tida.

Spleiselag tek løftet

Geir Jonassen fortel at han vart så tent på ideen om å stilla ut båten på denne måten, at han saman med dei andre etterkomarane sjølv går inn og garanterer for ein god sum pengar for å få realisert båten si nye plassering.

Kultursjef Lisbeth Axelsen fortel i ein kommentar til Midtsiden at Os kommune vil ta resten av kostnadane ved å gje gåvebåten eit nytt, svevande liv.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.