– No har vi fullt hus
Amfisenteret har fått ny leigetakar i det tidlegare Casa-lokalet.
Etter ferien sto det to tomme lokale i Amfisenteret. I slutten av september blei det klart at Kitch`n utvidar inn i det eine, no er også leigetakar i det tidlegare Casa Design-lokalet i førsteetasje på plass.
– Apo Vest AS har signert leigeavtale og opnar Ditt Apotek i lokalet, så då får vi fullt hus igjen, seier senterleiar Anne Kristine Tøsdal.
Apotekbransjen slår med det følgje med treningssenterbransjen i Os og utvidar frå to til fire einingar på kort tid.Vitus opnar som kjent apotek i Irisgården i haust, nærmare bestemt den første veka i desember.
– Dette er ny leigetakar naturlegvis kjent med, det er ikkje tvil om at vi osingar skal bli sunne og friske i tida som kjem, ler Tøsdal.
– Plass til fleire
Lokalet Ditt Apotek leiger er på 136 kvadratmeter mot Apotek1 i 2. etasje som er 230 kvm.
– Vi kjenner til marknaden på Os, men ser på heile Hordaland som attraktiv, då det er ei underetablering i fylket, seier Håvard Røkke.
Røkke er dagleg leiar i Apo Vest AS, eit selskap som har Ditt Apotek i Sandviken, Sund og i Fana. I november opnar dei sitt fjerde apotek, dette blir i Øygarden.
Kjeden består av mange små og mellomstore lokale eigarar som til saman har over 60 apotek i Noreg.
Opnar neste år
– Vi tar namnet Ditt Apotek Lysekloster, både fordi Lysekloster er eit godt namn som er kjent utanfor Os, og med ein liten parallell til munkane og nonnene og deira fokus på helse, medisin og livsstil.
Ditt Apotek på Amfisenteret skal opna i februar.
– Alt er veldig ferskt så vi har førebels ikkje apotekar klar. Men vi vil ganske snart setja i gang ein rekrutteringsprosess, først etter apotekar, så etter øvrige tilsette, fortel Røkke.