Lokal | 17. apr. 2020

No kan du få lokalt øl levert på døra

Bjørnafjorden Bryggeri fekk i dag løyve til nettsal og levering.

No kan du få lokalt øl levert på døra
Bjørnafjorden Bryggeri, her på lanseringsfest på Hanne's i februar 2018. (Foto: Bjarte L. Haugland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. apr. 2020 11:24
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Bjørnafjorden Bryggeri, som blei etablert i Os Næringspark hausten 2017 og hadde fullt hus på lanseringsfest i februar, fekk i fjor sommar løyve til å driva bryggeriutsal.

I vinter har dei utvida med utvalde pubkveldar, etter ein prøvekveld i haust.

– Desse var veldig vellykka, med fullt hus første pubkveld og godt besøk seinare. Planen var å søkja om permanent løyve, men kurset vi trengte blei utsett grunna koronakrisa, fortel Cato Larsen.

Den planlagde pubkvelden 4. april hadde dei løyve til, men den blei avlyst av same årsak.

– Sal via nett hadde vi òg plan om, og den planen klatra på prioriteringslista då koronakrisa kom.

2/3 av inntektene forsvann då det blei stopp i både eigen pub og levering til andre pubar.

– Den einaste omsetnaden vi har hatt dei siste vekene har vore vårt eige bryggeriutsal om torsdagane og levering til daglegvarebutikkar, fortel Larsen.

I Os kan du kjøpa øl frå Bjørnafjorden Bryggeri hos Osøyro Kolonial, Spar Nore Neset og på Buena.

Men i dag kom eit løyve som gjer at du kan få lokalt øl levert på døra.

Vedtatt mot 1 stemme

Bjørnafjorden formannskap behandla i dag søknaden om nettsal og utkøyring av øl. På Os-sida av kommunen har det, i inneværande sals- og skjenkeperiode vore gitt fleire løyve til nettsal av gruppe 1; noko det er heimel for i alkohollova.

Administrasjonen i kommunen var positiv til søknaden, det var òg fleirtalet av politikarane.

Framlegg til vedtak om godkjenning av søknaden blei godkjent med 8 mot 1 (KrF) stemmer.

– Det var gledeleg nytt. No vil vi bruka helga på å planlegga praktisk gjennomføring, så reknar eg med at vi er klare for å ta imot bestillingar i veka som kjem, seier Larsen.

– Fleire andre bryggeri har fått tilsvarande løyve, og fleire av dei har ftt mykje å gjera på.

Løyvet gjeld levering mellom klokka 8 og 20 måndag til fredag, og mellom klokka 8 og 18 laurdagar. Bryggeriet må naturlegvis sjekka id og sjå at ikkje mottakar er «åpenbart påvirket» ved levering.

– Vi håper omsetnad over nett kan gi oss nok ein fot å stå på, og at vi snart kjem i gang igjen med eigen pub. Denne viste det seg å vera marknad for, ein stad for folk som vil smaka ulike typar øl utan at dei nødvendigvis skal ha full fest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.