Lokal | 25. okt. 2018

No kan du kjøpa Fjellheim

Allereie seriøse interessentar, seier meglar, Daniel Røksund.

No kan du kjøpa Fjellheim
Fjellheim ligg no ute for sal. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 25. okt. 2018 11:04

Denne veka vart Fjellheim lagt ut for sal på det opne markedet.

Avslutningssoga til det tidlegare samfunns- og kulturhuset har vore like lang som ho har vore full i meiningar.

Sjølv om eit sal av Fjellheim i utgangspunktet vart vedteke som delfinansiering av Oseana attende i 2008, vart saka ein politisk maratonløpar.

Seinast i februar 2018 fekk saka si slutt, med same resultat.

Fjellheim skulle seljast.

Dårleg forfatning

I salsannonsa kan du lesa at Fjellheim etter takst kjem ut definert som i dårleg forfatning, og at kjøpar må pårekna full rehabilitering.

Prisantydning er 10 millionar kroner, med ei verditakst på 7 millionar.

Bygningsmassa, inkludert nabobygget kor RadiOs i si tid holdt hus, er på 1090 kvadratmeter, med 970 av desse som bruksareal.

Tomtearealet er på 2754 kvadratmeter.

Reguleringsplan påverkar prisen

Rådgjevar i Os kommune, Andris Hamre, seier at reguleringsplanen, og medfølgjande rekkefølgjekrav er med og set prisantydinga;

– Fjellheim er del av områdeplanen for Os vest, og tomta er i planen sete av til bustadar.

– Skal ein realisera bustadbygging løyser dette ut rekkefølgjekrav, mellom anna ei ny avkøyring i form av ei rundkøyring kor ein i dag køyrer inn til Jordmorsvingen/ Giskavollen, fortel Hamre.

Allereie interesse

Ansvarleg meglar for salet, Daniel Røksund hos SPV Næringsmegling fortel at dei allereie har nokre seriøse interessentar, men at dei reknar med at eit endeleg sal vil ta tid.

– Vi ser på salet av Fjellheim som eit spanande oppdrag som samstundes vert følgd av mange osingar, gjeven historia til huset.

Her kan du lesa Midtsiden si skildring av historia til Fjellheim i høve 100-årsdagen i 2011.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.