Næringsliv | 24. apr. 2020

No kan du søkja på 300.000 grøne kroner

Ny tilskotordning frå Bjørnafjorden kommune.

No kan du søkja på 300.000 grøne kroner
Bjørnafjorden rådhus. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. apr. 2020 14:29

Bjørnafjorden kommune har etablert ei ny tilskotsordning for å støtte privat næringsliv som vil satsa grønt.

– I desse krisetider er det mange bedrifter som omstiller seg.

– I tråd med Bjørnafjorden kommune sitt mål om nullutslepp innan 2030, ønsker vi å bygge opp under grøn næringsutvikling ved å gi direkte tilskot til lokale verksemder som vil drive grøn omstilling, seier næringssjef Elin Thorsen Kløverød i ei pressemelding.

Gjennom næringsfondet har kommunen sett av 300 000 kroner til å støtte privat næringsliv som vil gå i denne retninga.

Kvar bedrift kan søkja om opptil 30.000 kroner.

– Med Grøn Bjørnafjord-prosjektet har kommune allereie ei fyrtårnsatsing innan grøn konkurransekraft, No utvidar vi denne satsinga for å gje rom for at fleire verksemder kan starte arbeidet med grøn omstilling, seier næringssjefen.

Meir informasjon og søknadsskjema kjem på kommunen si heimeside i ettermiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.