No kjem skattepengane
For 8 734 osingar. I snitt får dei 11 888 kroner tilbake på skatten. 1 554 osingar får baksmell, i snitt på 14 813 kroner.
I dag, onsdag startar Skatteetaten å betala ut til dei som har betalt for mykje inn i statskassa i 2013.
Heile 103 828 593 kroner blir dei kommande dagane betalt tilbake til osingane. For heile Hordaland er den tilsvarande summen 2,89 milliarder kroner.
– Om du er lønnstakar eller pensjonist og nytta leveringsfritak eller leverte elektronisk så startar vi no utsendinga av skattepengane dine, seier Marta Johanne Gjengedal, avdelingsleiar for Fastsetjing i Skatt vest.
Leverte du på papir?
Om du har levert sjølvmeldinga på papir, eller er næringsdrivande (og ektefelle av næringsdrivande) må du venta til tidlegast 6. august for å få skatteoppgjeret ditt. Skatteoppgjera blir etter det sendt ut ca ein gong i veka frå 6. august til og med 15. oktober, med ein gong Skatteetaten har behandla sjølvmeldinga di.
– Vi kan ikkje gi ein eksakt dato for når desse får oppgjeret sitt. Frå no av vil dei aller fleste få skatteoppgjeret og sjølvmeldinga berre på nett.
Fleire får pengar igjen – færre får restskatt
Av 309 311 personar i Hordaland får 250 113 til saman 2,89 milliardar kroner igjen på skatten. Det er eit snitt på 11 577 kroner.
I Os er det 8 734 skatteytarar som i snitt får att 11 888 kroner dei komende vekene.
42 173 personar i Hordaland må betale restskatt på tilsaman 567 millionar og kvar enkelt må i snitt betale 13 459 kroner.
Også her ligg Os høgre i snittet i sum. 14 813 kroner er gjennomsnittet for kva dei 1554 som har fått baksmell må betala.
Til samanlikning fekk 230 791 personar i Hordaland utbetalt 2,4 milliardar kroner (i snitt kroner 10 667) i fjor, og 42 245 personar måtte betale restskatt på totalt 552 millionar kroner, eit snitt på 12 218 kroner.
Har du fått restskatt på under 1000 kroner, er fristen for betaling 20. august. Restskatt på over 1 000 kroner må betalast i to terminar; 20. august og fem veker etter det.