Lokal | 20. sep. 2012

No kjem sola (og kulden)

Helga blir lys og tørr - men natt til søndag kan det bli glatt!

No kjem sola (og kulden)
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. sep. 2012 23:06

Etter nokre våte veker er det no lettare vêr i vente.

Storm og Yr er eininge; det blir lettskya, om ikkje skyfri himmel, og opphaldsvêr både fredag, laurdag og søndag!

Men det blir ikkje noko seinsommar, maks 11 gradar fredag, 13 gradar laurdag og 12 gradar søndag.

Natt til laurdag er det meldt 0 gradar, natt til søndag 1 minus, så det kan vera verdt å kjøra varsamt om du skal i trafikken nattetid.

Storm melder 1,8 m/s vind fredag, Yr melder 3,3 m/s midt på dagen, frå nord.

Laurdag melder Storm 2,3, Yr 5,2 m/s. Søndag skal det bli rolegare igjen, rundt 1-2 m/s.

Til måndag og tysdag er det meldt overskya, men opphaldsvêr og 12-14 gradar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.