Lokal | 07. juli 2014

No kjem sommaren!

I ettermiddag skal det klarna opp - så kjem varmen og seks dagar med sol!

No kjem sommaren!
Friluftsområdet Kalneset på Innerøya utanfor Halhjem. Vêrvarsel frå Storm.no innfelt. (Foto: KVB/Storm.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 07. juli 2014 08:17

Etter ein solrik forsommar starta juli månad med nedbør og lågare temperaturar.

Men no kjem både sola og sommarvarmen!

Måndag ettermiddag skal skyene forsvinna, tysdag skal temperaturen opp i 20 gradar og onsdag er det meldt heile 27 varmegradar.

Storm og Yr er samstemt fram til og med onsdag, då det er venta 26-27 gradar og letskya.

Yr spår litt lågare temperatur torsdag og fredag, rundt 19 gradar og sol, medan Storm melder rundt 25 gradar både torsdag og fredag.

Storm melder sol til og med søndag, Yr meiner det skal vera sol og sommar til og med måndag om ei veke.

Sjå detaljert vêrvarsel for Osøyro på Storm vs Yr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.