Næringsliv | 28. mai 2010

- No må båtane vekk

Den nye moloen skal bli lengre, den gamle skal bli kortare. - No må båtane innanfor gamlemoloen vekk, seier Døsen.

- No må båtane vekk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. mai 2010 07:00

Os Sjøfront har fått løyve til å fylla rundt den gamle moloen utanfor Os kai.

- Løyvet kom denne veka. No må vi saman med Os kommune snart byrja å prosjektera nye Os kai, seier Tor Inge Døsen frå Os Sjøfront.

- Så må vi varsla båteigarane. No må dei finna seg ein annan plass til båtane sine, elles blir dei fulle av stein, legg han til.

Ny molo skal bli lengre
Den nye moloen frå Mobergsneset skal bli lengre. Os Sjøfront har løyve til å fylla i så den blir rundt 50 meter lengre, men det er ikkje sikkert at resten av hamna skal skjermast av stein.

- Stein er sikrast, men kostar meir. Vi har sett på ulike løysingar med bølgjebrytarar, og i dag har eg hatt møte med nokon som leverer flytande molo.

Vil testa
Døsen vil skjerma større delar av hamna innanfor moloen, og trur Os Sjøfront kan gå for ein prøveperiode med flytemolo.

- Om vi legg ut noko som flyt kan det henda vi kan forlenga moloen med meir enn 50 meter. Men vi må nok prøva dette ut, og sjå at ei eventuell flytande løysing klarer seg gjennom haust og vinter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.