Lokal | 21. aug. 2019

No reddar vi Fjellheim!

Lesarinnlegg: Meiningsmålingane viser at FrP/H misser fleirtalet i kommunestyret. Då kan vi endeleg redda Fjellheim.

No reddar vi Fjellheim!
Fjellheim. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. aug. 2019 11:16

Eg skal innrømma at eg lenge trudde Fjellheim var tapt, både fordi FrP/H hadde reint fleirtal for å omregulera til tett bustadbygging, men og fordi eg ikkje såg noko realistisk plan for korleis ein kunne finansiera opprusting og drift.

I vår, då kommunen fekk bod på Fjellheim, var eg som ein av tre politikarar i eigedomsutvalet nær på å selga til spottpris i håp om at det kunne bli betre enn riving. Men prospektet var ikkje godt nok, og prisen var ikkje god nok. Det eg ikkje visste då var at begge dei andre politikarane i eigedomsutvalet, ordførar og varaordførar, var kjend med at Oseana hadde visjonar om å drifta Fjellheim.

Så snart eg fekk nyss i dette, fekk eg eigedomsutvalet med på å be Oseana om ein konkret plan. Denne fekk vi til handsaming i Os formannskap før sommaren. Det var ein draumeplan i mine auge, med eit eige kapittel om investeringsmidlar som gjer at kommunen sitt bidrag vil vera overkommeleg, og drifta skal vera sjølvfinansierande med Oseana si eksisterande driftsorganisasjon.

Likevel stemte FrP/H planen ned, med 5 mot 4 røyster.

Dei ville altså framleis selga ei tomt som ingen vil kjøpa, til spottpris. Vi vil truleg få meir inn i stønad frå sponsorar og andre kjelder enn det vi nokon gong kan få for tomta til bustadføremål. Då er det hovudlaust å insistera på den gamle planen, som vi no veit både er dårleg økonomi og dårleg kultur- og samfunnsutvikling.

Heldigvis fekk MDG resten av opposisjonen med på å krevje saka løfta frå formannskapet til kommunestyret. Og neste kommunestyremøte er etter valet! Oseana sin plan kan altså framleis verte sanning, om veljarane stemmer for eit skifte i politisk leiarskap.

Argumentet mot Fjellheim no er multifunksjonsbygget Os Aktiv som er under bygging. I mine auge er dette ikkje eit truverdig motargument. Vi har svært rike tradisjonar for kunst og kultur i denne bygda, og om vi har eit kulturbygg ekstra så vil det raskt fyllast med glede, inspirasjon, læring og aktivitet.

Miljøpartiet Dei Grøne står for ein sterk kulturpolitikk. Vi har fleire gongar peika på at det er naudsynt å rydda i stønadsordningane her i kommunen. No finst ein draumeplan for Fjellheim. Vi kan ikkje kasta bort moglegheita!

Nils-Anders Nøttseter
Ordførarkandidat, Miljøpartiet Dei Grøne

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.