No reiser hallen seg
Kuventræ • Her blir den første stolpen på nyehallen montert.
Onsdag starta arbeidet med å byggje veggane og etterkvart taket på den nye dobbelthallen på Kuventræ.
– Eg har ikkje framfor meg når dei skal ha tett hus nett no, men det går forholdsvis fort no når dei har byrja med reisverket.
– Mykje vil nok vera oppe til jul, fortel Ole-Håkon Sølen, prosjektleiar hos byggherren Os kommune.
Ny inngang igjen
Den opprinnelege inngangen til Osbadet blei flytta frå framsida til kortenden av det som tidlegare var bursdagsrommet då entreprenøren starta arbeidet med å støpa dekket og grava ut parkeringskjellaren som kjem under den nye hallen.
No har badet og hallen fått ny inngang på nytt.
– No er inngangen gjennom solstudioet. Entreprenøren har tatt hol i veggen og laga ei rampe der kor trappa går ned til kjellaren. Vi har også fått ny passasje forbi kafeen og resepsjonen i badet, seier Jon Sivert Rykkel frå Osbadet KF.
Samansmeltinga av det gamle bygget og den nye hallen vil gå føre seg i etappar. Ein har no starta arbeidet med å rive veggen til burdagsrommet og området nærast garderobane til Osbadet. Når dette er på plass og tetta igjen, vil den siste delen på midten bli ferdigstilt.
– Osbadet skal vera ope i heile perioden, og dei lagar korridorar til oss, slik at gjestane skal komma greitt fram, seier Rykkel.
Innhald
Innhaldet i hallen, over parkeringskjellaren er blant anna:
1. etasje
• Stor foajé
• To fullskala handballhallar til fleirebruk
• 6 garderobar (3 herre, 3 dame) med toalett og dusj
• 2 dommargarderobar
• 2 lager (45 og 105 kvm)
2. etasje
• Tribune på 143 kvm
• Toalett
• Teknisk rom 73 kvm
• 4 disponible rom (65, 124, 142 og 222 kvm)