Lokal | 30. mai 2017

No risikerer du tvangsmulkt

Er du næringsdrivande må du hugsa å levera skattemeldinga di innan 31. mai. Gjer du det ikkje, så risikerer du tvangsmulkt.

No risikerer du tvangsmulkt
avdelingsdirektør i Skatteetaten, Trude Husevåg, minnar om fristen for å levera skattemeldinga for næringsdrivande (pressebilete)
Andris Hamretysdag 30. mai 2017 13:26

15 000 av 28 000 næringsdrivane har allereie levert skattemeldinga for 2016. Dei 13 000 som ikkje har levert har frist på seg til i morgon å levera.

− Leveringsfritak gjeld ikkje for næringsdrivande. Er du næringsdrivande må du levere skattemeldinga elektronisk innan 31. mai, seier avdelingsdirektør i Skatteetaten, Trude Husevåg.

Unngå tvangsmulkt

For å sikre at du som næringsdrivande betaler rett skatt er det viktig at du sjekkar at du har fått med alle relevante opplysningar og frådrag.

– Næringsdrivande som leverer skattemeldinga for seint kan frå i år riskere å måtte betale tvangsmulkt. Det vil seie at du må betale eit beløp for kvar dag du ikkje har levert skattemeldinga di. Formålet med tvangsmulkt er å sikre at Skatteetaten får korrekte og fullstendige opplysningar til rett tid.

Næringsrapport skatt

I fjor lanserte Skatteetaten næringsrapport skatt, ei enklare leveringsløysing for dei som driv eiga bedrift og fyller ut skattemeldinga sjølv. Skatteetaten estimerer at ein av tre næringsdrivande kan bruke denne løysinga. Næringsrapport skatt slår saman ni av dei mest brukte skjema for næringsdrivande til éin rapport.

skatteetaten.no/testdegselv finn du ut om du kan nytta næringsrapport skatt.

− Du finn òg mykje relevant informasjon og rettleiing på nettsidene våre, seier Husevåg og viser spesielt til informasjon om skattemelding for næringsdrivande på skatteetaten.no/naering

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.