Lokal | 05. nov. 2014
No skal det letta
Onsdag ettermiddag er det meldt sol og den neste veka skal bli lettskya og fin.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. nov. 2014 14:37
Etter fleire veker med mykje regn har det byrja å letta i Os og frå onsdag ettermiddag skal det vera sol og lettskya til og med laurdag.
Det er fare for nokre dropar med regn midt på dagen laurdag og søndag skal det skya over, kanskje med litt nedbør på kvelden.
Men også for veka som kjem er det i langtidsvarselet meldt lettskya og lite eller ingen nedbør.
Temperaturen skal halda seg på 5 til 9 plussgradar, vinden på 6-12 m/s dei fleste dagane.
Sjå detaljert og oppdatert vêrmelding for Os på Storm vs Yr.