Fylkesmannen har stadfesta reguleringsplanen for Fjellheim-tomta (foto: Andris Hamre)

Fylkesmannen gir grønt lys for sal av Fjellheim

Om ei veke kan kommunestyret gje eigedomsutvalet fullmakt til å selja Fjellheim.

Av: Andris Hamre

Fylkesmannen i Hordaland har stadfesta Os kommunestyre sitt vedtak av 31. oktober 2017, sak 98/2017 om godkjenning av område BB2 i områderegulering for Os sentrum vest.

Dermed kan kommunen selja eigedomen. I kommunestyret 20. februar kjem saka opp til politisk handsaming for å stadfesta tidlegare vedtak.

«Kommunestyret gir Eigedomsutvalet fullmakt til å selje Fjellheim 52/47. Salet skal gjennomførast etter prinsipp vedteke i kommunestyresak 28/2016» heiter det i saksutgreiinga frå administrasjonen.

Prinsipp for sal/kjøp av kommunale eigedommer i Os komune skal skje ved at kommunale eigedommar som hovudregel skal selgjast høgstbydande i den opne marknaden etter utlysing. Om ein finn det som ein betre prosess for det einskilde salet kan sal gjennomførsast etter prekvalifisering og avgrensa bodrunde eller sal etter forhandlingar.

Forsvarleg opplyst

Saka blei klaga inn til Fylkesmannen frå Foreininga Bevar Fjellheim og naboar.

– Forvaltningslova (fvl.) gjeld for Fylkesmannens handsaming av saka. Fylkesmannen kan som klageinstans prøve alle sider av saka, jf. fvl. § 34. Det følgjer likevel av fvl. § 34 andre ledd at Fylkesmannen som statleg instans skal leggje «stor vekt» på omsynet til det kommunale sjølvstyret ved prøvinga av det frie skjønnet, innleier Fylkesmannen i sitt brev før han oppsummerer klagene frå Bevar Fjellheim og naboane og sakshandsaminga i Os kommune etter at fylkesmannen sendte saka tilbake førre gang for ei ny vurdering av klagen frå Bevar Fjellheim.

– Etter ei totalvurdering finn Fylkesmannen at Os kommune har sytt for at saka var forsvarleg opplyst og at kommunen har vurdert det Foreininga har gjort gjeldande. Administrasjonen og det politiske fleirtalet i kommunen har likevel konkludert med at ein ikkje ønskjer å regulere Fjellheimtomta til bevaring. Dei har i staden lagt avgjerande vekt på at ein heller vil transformere Fjellheimtomta til bustader.

– Kva føremål kommunen ønskjer å regulere eit område til, er underlagt fritt skjønn. Fylkesmannen skal då leggje stor vekt på det kommunale sjølvstyret. At Os kommune vil at område BB2 – Fjellheimtomta – skal regulerast til bustader, finn ikkje Fylkesmannen grunnlag for å overprøve i denne konkrete saka. Fylkesmannen viser her til det administrasjonen skriv om at den vedtekne reguleringa opnar for transformasjon til bustad og at ein vil kunne oppnå fortetting og sentrumsutvikling utan å ta i bruk ubygd areal. Dette er saklege og relevant moment å leggje vekt på.

– Vi har forståing for at naboane stiller spørsmål ved at BB2 får større utnyttingsgrad og vert friteken for detaljregulering. Likevel er dette moment som er vurdert og drøfta av kommunen i samband med saksframlegget til offentleg ettersyn, datert 17.04.2015. 

Sakleg grunngjeve

Fylkesmannen konkluderer med at det ikkje er grunnlag for å setja til sides kommunestyret sitt vedtak.

– Fylkesmannen si viktigaste oppgåve som klageinstans er å kontrollere at dei omsyna som er lagt vekt på i vurderingane og som ligg til grunn for utfallet, er saklege. I denne reguleringsplanprosessen har dei ulike omsyna og interessene som gjer seg gjeldande i det aktuelle området, blitt vurderte av kommunen. Vi finn at vurderingane som kommunen har gjort ligg innan dei rammene som er fastlagt i plan- og bygningslova. Vi har også funne at vurderingane er sakleg grunngjevne. Fylkesmannen finn etter dette ikkje grunnlag for å setje til sides det skjønnet kommunestyret som planstyresmakt har utøvd i saka, jf. fvl. § 34.

– Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast over, jf. forvaltningslova § 28 tredje ledd, heiter det i vedtaket.

Fleire saker