Lokal | 18. juli 2012

No skal røra vekk

Fleire lange plastrør har kome på rek til Os den siste tida. Brannsjefen håper på betring i oppdrettsbransjen.

No skal røra vekk
Brannsjef Stein Gjøsund med røret som har lagt på gamlemoloen sidan i februar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. juli 2012 22:51

– Før det første kan røra skapa alvorlege problem for båttrafikken, anten ein fritidsbåt, ei ferje eller anna farkost kjører på røret.

– For det andre er dette ei form for forsøpling, det er grenser for kor lenge vi kan ha lange plastrør liggande, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Fann eigar

Os kai har blitt ny, men det over 20 meter lange plastrøret som har lagt på gamlemoloen sidan ankomst i februar ligg framleis der brannvesenet tok det i land då det kom rekande innover fjorden.

Derfor spørte vi brannsjefen kva som var planen.

– Eg fekk eit tips om kva bedrift som kunne vera eigar, og ganske rett, Lerøy er nesten åleine om å bruka kvite fôringsrør.

Dei kvite røra er på 95 mm, dei svarte på 75 mm.

– Han eg snakka med sa at han visste om røret, og at han hadde litt dårleg samvit for at det framleis ikkje var henta. I kveld eller i morgon kjem dei og tar det med seg.

Ikkje det einaste

Også på Halhjem ligg eit langt fôringsrør som brannvesenet har tatt på land. Dette røret fekk hard medfart då parkeringsplassen på kaien ikkje strekte til under Tysnesfest i helga.

– Røret har lagt der lenge. Sidan det ligg på vegvesenet sin grunn, men er lagt der av oss, som representerer kommunen, har det vore litt uvisse om kven sitt ansvar det er å få fjerna det.

– Men no vil eg sørgja for at det blir sagd opp og levert som plastavfall.

– Oppfordringa mi er uansett at oppdrettsbransjen blir flinkare til å ta på seg samfunnsansvar, til å melda ifrå om dei saknar eit rør og til å visa initiativ til å henta det dei mistar.

– Heldigvis har vi sjøfolk som er flinke å tipsa oss, som eigaren av Godøysundekspressen, så vi får fjerna drivgodset raskt. Det viktigaste er å unngå ulykker, seier brannsjefen.

Les òg: Trudde det var ei trampoline

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.