Sport | 18. aug. 2019

No står to toppkampar for tur

Lysekloster er a-poeng med Djerv 1919 etter gårsdagens siger over Fjøra.

No står to toppkampar for tur
Even Vetås, her mot Strømsgodset 2 tidlegare i år, sette inn 1-0 i 20. minutt mot Fjøra i går. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. aug. 2019 07:53

Lysekloster starta serien med berre éin siger (over Os) på dei fem første kampane.

I går tok dei sin niande siger på rad, på heimebane mot Fjøra.

Lysekloster - Fjøra 2-0 (1-0)
Kampfakta på fotball.no

Even Vetås sendte heimelaget i leiinga i 20. minutt, innbytar Eskild Båsen auka til 2-0 i 83. minutt.

Lysekloster ligg no på 2. plass på tabellen, 2 poeng bak Vard Haugesund og a-poeng med Djerv 1919. som tapte for Vestfossen i går.

Dei to andre topplaga er motstandarane i dei to neste serierundane til Lysekloster: Djerv 1919 på bortebane neste helg, Vard Haugesund heime helga etter. Lysekloster tapte 1-2 for Djerv og 2-0 for Vard i vårsesongen.

Fleire resultat frå 16. runde:
Valdres - Fyllingsdalen 0-9
Brann 2 - Vard Haugesund 0-3
Stord - Bergen Nord 6-0
Vestfossen - Djerv 1919 2-1

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.