No vil kommunen på ny ha tak i bygningane dine
Skal reisa peparkakebygd og eventyrskog i førjulstida.
Det er etterkvart lange tradisjonar for å byggja peparkakebygd i Os sentrum, som ein del av førjulstida.
I 2018 måtte du sjå bygda gjennom utstillingsvindauge på torget, mens i fjor kunne du gå inn i dei gamle Apotek 1-lokala i Brugata for å sjå nærare på dei imponerande byggverka.
Bygd og skog
Stine Kobbeltvedt i kultureininga i Bjørnafjorden kommune fortel at det i år er planlagd to peparkakevariantar, ei i Os sentrum og ei i Fjord'n senter.
– I lokala kor ToJo tidlegare heldt til i Baronsgården skal vi reisa ei peparkakebygd, mens det i Fjord'n senter skal reisast ein eventyrskog. Her kjem det juletrær som treng peparkake-julepynt.
Treng dine kreasjonar
Kobbeltvedt gler seg over å kunna halda fram med peparkaketradisjonen.
– Det er ikkje godt å veta heilt korleis førjulstida blir i år. Men det som er sikkert, er at Pepparkakebygdo på Osøyro og Eventyrskogen i Fjord'n senter blir noko av.
–Grunna koronasituasjonen vil det dessverre ikkje vera mogleg å fysisk gå inn i lokala i Baronsgården for å sjå på utstillinga, understreker Kobbeltvedt.
Kan levera inn på begge sider av fjorden
– Å baka pepparkaker er ein trygg og triveleg aktivitet du kan gjere heime eller saman med kohorten din, anten det er skuleklassen, gruppa i barnehagen, bufellesskapet eller ei anna fast gruppe.
– Det har gått ut invitasjonar til alle skulane og barnehagane i kommunen, og du kan levera inn bidrag til begge utstillingane, seier Kobbeltvedt.
Frist for å levera inn bidrag er 23. november og på Bjørnafjorden kommune sine nettsider finn du meir informasjon om korleis du går fram for å levera inn dine kreasjonar.
– Vi håper så mange som mogleg hiv seg rundt for å vera med å skapa den ekstra gode julestemninga - det treng vi sanneleg i år, avsluttar Kobbeltvedt.
Begge utstillingane opnar 27. november.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.