midtsiden

Foto: Kjetil Bruarøy

Gjekk til angrep på fleire

Ein hamna på legevakten, ein annan blei kjørt til overnatting i arresten etter ein fest i ungdomshuset i Øyane i natt.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Klokka 02.30 fekk politiet melding om slåsting i Søre Øyane. Stemninga ved festen i ungdomshuset hadde blitt amper.

- Ein mann skal ha gått til angrep på fleire, ein av dei blei kjørt til legevakt med mindre skade, seier operasjonsleiar Terje Hilland til Midtsiden.no. Ein mann i slutten av 20-åra blei pågripen og kjørt til Bergen for overnatting i arresten.

- Mannen er meldt og ordensforstyrring, og blir kanskje også meldt for lekamsfornærming, fortel Hilland.

Det blei også meldt om tillaup til slåsting på Bar2Be i natt, men her roa det seg utan hjelp frå politiet.

Fleire saker