midtsiden

Jimmy på tribunen på Kuventræ. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Feller og fuglemat

BT Magasinet har spurt 500 om litt av kvart. Eit av dei saftigaste svara står Jimmy Øvredal for.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

"5 på gaten" er ikkje uvanleg i dagspressen, men då BT Magasinet gjekk på gata for å snakk med folk, så gjorde dei det skikkeleg. 500 personar, dei fleste frå Bergen, men også ein del frå nabokommunane, blei spurt om alt frå kva som er meininga med livet til kva dei synes er irriterande. På spørsmålet "Kva har du gjort i dag", svara Vildmarkens søn, osingen Jimmy Øvredal dette:

- Eg har gjeve kattane mat, og meisene, og kråka. Fordi eg skal reisa vekk i to veker. Og så har eg gjort førebuingar slik at styggingane får seg ei overrasking om dei nærmar seg huset mitt. "La alt håp fare, du som her trer inn", som Dante skriv.

Med andre ord; Øvredalen er ingen trygg stad for tjuvar sjølv om husa står tomme.

Fleire saker