midtsiden

Notar Os byter paraply

Notar-meklarane på Os går inn i 2009 under PRIVAT-megleren. - Det skal bli godt å kunna konsentrera seg utelukkande om sal av hus igjen. Mange kjøparar står klare, hevdar Herman Brandt.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Saman med Notar-kontora Bergen, Sotra, Fana, Fyllingsdalen og Kronstad går Os til PRIVAT-megleren.

- Vi skal bli den største kjeden i byen i 2009, seier Roar Nylund i PRIVATmegleren i Bergen til NRK Hordaland.

Dei tre eigedomsmeklarane hos Notar Os blir verande i same lokale, men skiftar no namn til PRIVAT-megleren.

Etter ein haust med tung marknad, og mykje tidsbruk i høve overgangen, ser Herman Brandt no fram til resten av det nye året.

- Vi har ikkje mangla huskjøparar, men finansielle løysingar. Når dette betrar seg trur eg verkeleg det blir liv i leiren, seier Brandt til Midtsiden.no.

Årsaka er at han har inntrykk av at mange står klare til å kjøpa hus, anten fordi dei vil eller må. Når desse får lån blir det mange om beinet.

- Prisane har gått noko ned, men eg trur ikkje dei går lengre ned. Etter ein lang periode med få omsetnadar er det mange som kjem til å kjempa om bustadane som er eller kjem for sal.

Fleire saker