midtsiden

Kjører også i år

Trass i to dårlege sesongar på rad går skibussen frå Os også i år.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Skibussen frå Os har vore eit populært tilbod, spesielt for dei under 18 år. Med avgang frå Halhjem ferjekai har også små grupper frå Tysnes og Stord kome om bord.

Men 2007-sesongen blei svar etter ein dårleg start, og i fjor blei det ikkje betre. Likevel held Osbuss AS fram med skibuss-tilbodet også denne sesongen.

- Vi var ikkje sikre, men fann til slutt ut at vi skulle kjøra skibuss også i år, seier Kenneth Valle.

- Som eit siste forsøk?

- Nei, det vil eg ikkje kalla det. Vi har konsesjon til 2017, og må halda tilbodet oppe for å halda på konsesjonen.

Første tur med skibussen frå Os går førstkomande laurdag.

- Det er ikkje så mange turar det er snakk om. Vi kjører berre laurdagar, frå 10. januar til vinterferien er ferdig 7. mars, fortel Valle.

Nytt i år er at Osbuss har fått konsesjon også på skibuss frå Bergen til Voss.

- Det kan henda at vi set opp ei rute frå Fana via Fyllingsdalen til Voss, men då må det bli i samarbeid med NSB og FjordTours, som vi allereie har ein del samarbeid med.

Fleire saker